onsdag 9. september 2015

Før UM - III

Dagens før-UM- innlegg omhandlar 1 stk 16-åring og tre 17-åringar, og då er det rimeleg å ta 16-åringen først - Kristoffer Blücher.



Kristoffer er altså einaste representanten i G16, og han er påmeldt i tre øvingar. Til gjengjeld er Kristoffer pall-kandidat i alle tre:

100 meter er det heile 30 utøvarar påmeldt i G16. Favoritten heiter Morten Endresen og er frå Haugesund, men nest-beste tida på førehand er det Kristoffer som har. Deretter er Fredrik Øvereng frå Overhalla rangert.

800 meter er det grunn til å forventa rivande oppgjer mellom Kristian Skage Nordlund (Trones), Didrik Hexeberg Warlo (Tyrving) og Kristoffer - på førehand i den rekkefølgja, etterpå vonleg i motsett.

Rangert på førehand er altså Kristoffer sølv- og bronse-kandidat på desse to første øvingane. På 300 meter hekk er han gull-favoritt, framfor Syver Røinaas (Tyrving) og Øystein Steinsvik Evjen (Sortland).

Så bevegar me oss over til G17 - der Gneist stiller med tre utøvarar.

400 meter er Vegard Albrigtsen representanten. Vegard sprang på 53,95 i fjor, men har ikkje 400-tid så langt i år. Startfeltet tel 22 mann og det er ikkje venta at Vegard kjem til å prega toppen på denne distansen. Her er det Muhammed Doodu Jatta (Tjalve), Erik Solbakken Ring (Gausdal) og Daniel Nikolai Pedersen (Skjalg) som har best tider i år.

800-meteren i G17 har ein soleklar Gneist-favoritt i Henrik Irgens Gravdal. Han har klart best tid i år av dei 21 påmelde. Klar utfordrar, som ikkje har tid på distansen i år, er Thomas Byrkjeland (Tjalve), deretter kjem Ola Kroken (Vidar). Her er Vegard Albrigtsen heilt oppe som 7. rangert på førehand.

3000 meter er venta å bli eit nytt bikkjeslagsmål mellom dei to Colombia-fararane frå i sommar, Henrik og Thomas Byrkjeland. Harald Østberg Amundsen (Tyrving) har 3. best tid, eit stykke bak dei to klare favorittane. 17 utøvarar er påmeldt den lengste distansen i klassen.

Til sist til Sondre Rinde sine tre øvingar. Sondre har arbeidd seg tilbake gjennom denne sesongen og kan enda opp med ei fin UM-avslutning. På 110 meter hekk er det berre fire påmelde deltakarar. Multitalent og mangekjempar Toralv Opsal (Ålesund) er favoritt, framfor Sondre og Vegard Hope Bjørge (Hellas). På langhekken over 300 meter er det nokre fleire, med 7 påmelde. Medaljefavorittane er dei same - i same rekkefølgja: Opsal, Sondre og Bjørge.

Til sist er Sondre også påmeldt i lengde, saman med åtte andre. Her er han i utfordrarposisjon, som 5. best rangerte på førehand. Toralv Opsal er igjen favoritt, framfor Henrik Skulevold (Sandnes) og Mathias Wester (Overhalla).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar