fredag 30. januar 2015

Adelskalender, Gneist: høgde & tresteg, menn

Det er no ein gong slik på dette internettet, at når eg nemner ei internasjonal stjerne av eit visst format - me kan som eit heilt tilfeldig eksempel ta Bruce Springsteen - ja, så blir treffmengda på eit innlegg som dette mangedobla. Fascinerande. Eg tar dette innlegget som ein ekstra test på påstanden. 

Når det i dag gjeld Adelskalender og både høgde og tresteg for menn, ja så var det første som fall meg inn av Springsteen-sitat frå songen One Step Up frå 1987. Då handlar det naturlegvis om tresteg, men eitt steg ("one step") er jo for lite, me treng to til. Og, heilt rett, Bruce syng "one step up and two steps back". Altså 1 + 2 = 3 steps/steg. No er det ikkje mykje framdrift i eit slikt konsept, men no skal me ikkje øydelegga ein tvilsam link til ein Springsteen-song med slikt. (Sjå der, no har eg nemnt namnet hans tre gongar, då må det vel bli bra!)

Til saka: Nedanfor ser me ein ung og frisk Sondre Rinde - ein av mange Gneist-jubilantar no i månadsskiftet januar/februar (gratulerer med overstått til Sondre - og med dagen til Kristoffer!). Han kom seg akkurat inn på Adelskalendren i tresteg med sitt 13,88-hopp frå Framolekene i fjor. (Grensa går på 13,80):



Tresteg (13,80)
1. Knut Thorbjørnsen 14,85 (1983)
2. Lars Jørgen Ytrehus 14,76 (1984)
3. Ola Kulild 14,16 (1989)
4. Rolf Nordeide 14,02 (1979)
5. Roar Haugland 14,04 (1986)
5. Erlend Gjøen 14,04 (1980)
7. Sondre Rinde 13,88 (2014)

Høgde (1,90)
1. Roar Haugland 2,13 (1984)
2. Tor Haugland 2,06 (1981)
3. Amund Høie Sjursen 2,02 (2014)
4. Arne Gjesdal 1,94 (1981)
5. Knut Thorbjørnsen 1,91 (1979)
6. Henning Villanger 1,90 (1982)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar