lørdag 10. januar 2015

Adelskalender, Gneist: 200 meter, menn

I dette innlegget tar me ein liten svippom innom Adelskalenderen for Gneist senior. Oversikten tar i all hovudsak sitt utgangspunkt i uteresultat og har nedre grense tilsvarande den siste som er med i Alle tider-statistikken til Norges Friidrettsforbund. For 200 meter for menn så gjeld det 23,26 som grense - og her sneik Kristoffer Blücher seg innanfor under UM i Haugesund sist haust.

Kristoffer er ikkje åleine av dagens aktive på oversikten: Emil Engelsen Holm finst der, det same gjer naturlegvis klubbrekord-innehavaren Amund Høie Sjursen, som med si 200 meter-tid frå Fana Stadion i august var to hundredelar raskare enn det Rune Dolvik sprang på sommaren 1983, den gongen på Bislett.

Her er oversikten:

1. Amund Høie Sjursen 21,82 (2014)
2. Rune Dolvik 21,84 (1983)
3. Ketil Espetvedt 22,47 (1989)
4. Marius Benserud 22,77 (2007)
5. Espen Liland 22,87 (2007)
6. Tor Inge Vikane 22,96 (1986)
7. Emil Engelsen Holm 23,06 (2013)
8. Roar Haugland 23,08 (1985)
9. Kristoffer Blücher 23,21 (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar