lørdag 17. januar 2015

Adelskalender, Gneist: 200 meter kvinner

Det er framleis sprint det handlar om. Og sidan jentene har vore så flinke i sprint, så får dei denne gongen rå grunnen åleine - på 200 meter. I 1987 var det hovud-NM i friidrett på ein av dei varmaste stadene i landet, i Nesbyen i Hallingdal. Her var tre juniorjenter frå Gneist - Kjersti Ristesund, Gerd-Lise Nybråt og Anne-Beth Espetvedt - mellom dei som blei lagt merke til. Sistnemnde, Anne-Beth Espetvedt (Hoven), er framleis klubbrekordhaldar på 200 meter, med sine 24,55, sett nettopp i NM i Nesbyen seinsommaren 1987.



Igjen er det ein rimeleg merknad til lista nedanfor at Anne Skudal Dolvik, velkjent Gneist-utøvar i mange år, var nede på 24,67 i BFG-drakt i Gøteborg sommaren 2011. I den blå Gneist-drakta blei det 26,04 på henne, på same arena, fire år tidlegare:

1. Anne-Beth Espetvedt 24,55 (1987)
2. Kjersti Ristesund 25,14 (1987)
2. Vilde Lund Bjørnsen 25,14 (2014)
4. Nanna Gjerde 25,4 (1977)
5. Monika Benserud 25,60 (2013)
6. Renate Lie 25,79 (2013)
7. Gerd Lise Nybråt 25,91 (1986)
8. Ingvild Mundal Andersen 25,92 (2008)
9. Anne Skudal Dolvik 26,04 (2007)
10. Benedikte Liland 26,06 (2004)
11. Helene Holm 26,80 (2002)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar