onsdag 21. januar 2015

Adelskalender, Gneist: langhekk

Eg registrerte nyleg at det kom ut ei oppmoding om at langdistanse-statistikken i Gneist måtte gjerast noko med. Meir presist; det måtte koma ferskare resultat inn i adelskalenderen for langdistanse. Oppmodinga bør gjelda i endå sterkare grad for langhekken. Utanom brørne Benserud sine bidrag frå eit tiår tilbake, så er tidene på listene nedanfor frå 1970- og 1980-talet. I motsetnad til for langdistanse, så er det heller ikkje noko breitt og godt miljø for langhekk i dag, sjølv om det finst eit par gutar som kan vera aktuelle for satsing i den retningen.



Først, her er lista over dei to kvinnene (under 72,99) som finst på lista for 400 meter hekk:

1. Bente Lervik (Liland) 60,57 (1981)
2. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 64,4 og 65,23 (begge 1979)


Og her er ei noko større liste for menn:

1. Thor Gjesdal 52,05 (1984)
2. Tor Inge Vikane 53,52 (1986)
3. Dagfinn Hårklau 54,2 (1978) og 55,37 (1979)
4. Rodgeir Vigestad 54,9 (1981) og 55,62 (1982)
5. Marius Benserud 55,23 (2005)
6. Erlend Gjøen 55,37 (1983)
7. Morten Benserud 55,65 (2004)
8. Lars Jørgen Ytrehus 55,76 (1982)
9. Frode Gjesdal 56,47 (1989)
10. Henning Hamre 56,59 (1985)
11. Nils Møllerup 57,25 (1986)
12. Rune Haugsvær 57,80 (1988)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar