mandag 26. januar 2015

Norna oppsummert

2015 ser ut til å lova opptil fleire lokale friidrettsgjennombrot. Det syner resultata frå det aller første større stemnet dette året, Nornalekene, i helga. Her var opptil fleire prestasjonar i nasjonal (og internasjonal) toppklasse i diverse årsklassar, uavhengig av tid på året.

Internasjonalt noterer me oss 4,33 som siste topphøgde for Pål Haugen Lillefosse (Framleis 13 1/2 år) i stav.

Nasjonalt er det berre hundredelar ned til norsk juniorrekord innomhus på 60 meter for Amund Høie Sjursen, etter at han presterte 6,85 søndag. I lengde hoppa Amund 7,33, som er halvmeteren lengre enn G19-rekorden i Gneist utandørs, sett i 1970.

Solid nasjonalt nivå - også gjennom alle tider - er det på 15 år og to månader gamle Ingvild Myking sitt 3000 meter-løp på 9:53,25. Ny inne-klubrekord i Gneist, naturlegvis. Det er også 20 sekund fortare enn uterekorden i J16 (frå så langt tilbake som 1979). Ingvild sjølv hadde 10:17 inne og 10:07 ute frå tidlegare. Tida er også under kravet til sommarens ungdoms-OL i Georgia!

Biletet nedanfor viser likevel ei yngre utgåve av Anders Bjørndal, som i helga stadfestar sin stadige framgang. Med 1:58,86 flytta han inandørs klubbrekord i Gneist på 800 meter med 3,3 sekund. (Håvard Hasås hadde den gamle, frå 2007). Tida er heile ni sekund betre enn den gamle innepersen til Anders, frå sist romjulsstemne. Søndag blei det ny pers på 400 meter med 52,05. Her hadde Anders 52,28 frå Romjulsstemnet, medan utepersen er på 52,23.




Me kan gratulera Sanne Myrmel med ny pers i stav - og med det å ha brote 3 meter-barrieren; 3,00.

Gjert Høie Sjursen flytta persen på 200 meter med fleire tidelar, til 24,64 (hadde 25,05 ute og 25,10 inne). På 60 meter blei det 7,76 på Gjert, tidelen betre enn han sprang på under Pingvinlekene i fjor og også betre enn utepersen frå Tyrvinglekene i fjor. Dessutan blei det heile 6,08 i lengde, som er første gongen over 6 meter på Gjert - ute eller inne.

Jakob Jamt Ånonli flytta sin 200 meter-pers endå meir, frå 25,43 (Romjulsstemnet) og heilt ned til 24,77. Jakob fekk også solid 60 meter-pers med 7,73.

Sondre Rinde pynta på eigen klubbrekord i G17 på 60 meter hekk (91,4) frå 8,92 til 8,84. Sondre, meiner eg, debuterte også på 400 meter, med 57,60.

Vegard Albrigtsen flytta innepersen på 800 meter ned frå 2:07,13 (inne-UM i fjor) til 2:02,87.

Anna Evensen klarte innepers på 200 meter med 28,19 (hadde 28,26 frå Pingvinlekene i fjor).

Eline Myking sprang 800 meter på ein myndig måte, dagen før eigen myndighetsdag, då det blei 2:20,37 lørdag, 3,6 sekund betre enn den gamle innepersen.

Monika Benserud hoppa 12,51 i tresteg, tett bak klubbrekorden og innepersen frå Leikvanghallen for eitt år sidan (12,78). (Det er solid J19-rekord i Gneist.) Monika har også J19-rekorden på 60 meter, med 7,89 frå søndagens superfinale-løp. 

Henrik Irgens Gravdal innepersa på 800 meter til 2:01,61. Den gamle var frå inne-UM i Steinkjer i 2013, på 2:02,90.

Solid innepers på 800 meter også på Stian Øvergaard Aarvik. Det blei 2:01,95, som også er greitt under utepersen (2:03,28).

Også Jens Larsen Åstveit sprang fortare på 800 meter lørdag enn han har gjort nokon gong før, ute eller inne. Det blei 2:02,42. (Utepersen er på 2:03,98, innpersen var på 2:06,31.)

Magnus Leikvoll fekk seg ny pers på 60 meter, med 7,72 (7,84 frå Romjulsstemnet i 2013) og var berre éin centimeter frå innepersen i høgde (1,80).

Så kom det ein del flotte innepersar på 3000 meter:

Espen Roll Karlsen sprang på 8:56,26 (hadde 9:05,07 inne, har 8:45,00 ute).

Henrik Irgens Gravdal var akkurat over 9 blank, med 9:00,08 (har 8:56,92 ute, hadde 9:12,58 inne).

Jens Larsen Åstveit sprang på 9:03,65 (han har 8:51,09 ute, men hadde 9:19,21 inne).

Og Stian Norheim sprang sitt aller beste 3000 meter-løp - inne eller ute - då det blei 9:15,73. Det er 24 sekund (!) betre enn under Nornalekene i fjor og solid under utepersen på 9:25,75.

Andreas Jensen sprang sin aller første 3000 meter under 10 blank: 9,57.00! Han har 10:01 frå Strandebarm i fjor utandørs - og hadde 10:19 inne frå før.

Kristoffer Blücher sette pers på 400 meter med sterke 52,07, som er 11/100 under utetida frå Framolekene i fjor og 3,3 sekund betre enn enn innetida frå Nornaleken i 2013!

Heilt sist: Frå "rekruttsida" tar me også med svært sterke sprintløp frå Pål Haugen Lillefosse og Andreas Haara Bakketun. Det er ikkje langt opp (eller; ned) til klubbrekordane i G14, tilhøyrande nyss nemnde Kristoffer Blücher. Og året er enno svært ungt.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar