mandag 2. februar 2015

Pingvinlekene 2015: mykje stor idrett, lite vagging

Årets Pingvinlekene var dei fjerde i rekkja (av fire mulege, i Leikvanghallen), dei var dei største - og dei var ganske sikkert dei beste. Sjølv er eg lykkeleg for å ha kome i mål med min gjeng lørdag føremiddag. Etter det blei det pleiing av helsa resten av helga. Mange av utøvarane synest derimot å vera ved god helse...



Først litt til dei under 15: Me er blitt så vane med Pål Haugen Lillefosse (G14) sine fantastiske rekordhopp no, at det er lett føre at prestasjonane ikkje får den merksemda dei fortener. 4,34 høgt er det blitt no. På 60 meter hekk sette Pål ny G14-klubbrekord med 8,63 (Sondre Rinde hadde den gamle, på 9,19, frå 2012.) Pål var også berre ein einaste hundredel bak Kristoffer Blücher sin G14-klubbrekord på 60 meter, med sine 7,54. Denne helga blei det ein ny centimeter opp i stavsprang, til 4,34 (framleis europarekord). Så må Hans-Magnus Haukøy (også G14) sine stadige sterke forbetringar nemnast. Spesielt søndagens 600 meter-løp på 1:32,16 var sterkt. Til sist mellom dei unge nemner eg Emma A. Voldsund sin solide siger i lengde i J12, med 4,70. Det er fattige sju centimeter bak Vilde Lund Bjørnsen sin J12-klubbrekord. Og det er jo litt igjen av året...

Så til dei på 15 eller eldre:

Amund Høie Sjursen hadde ei ny, sterk helg. På 200 meter blei det betring av eigen klubbrekord, sett under Romjulsstemnet, med 21,91 (berre ni hundredelar bak utepers). 7,41 i lengde er klubbrekord i G19.

Ingvild Myking følgde opp det sterke 3000 meter-løpet frå Nornalekene sist helg, med 4:43,07 på 1500 meter. Det er nesten tre sekund under utepersen frå Stockholm seinsommaren 2013 og åtte sekund betre enn innepersen frå Pingvinlekene i fjor. (Tida er berre 1,4 sekund bak den sterke J16-rekorden i Gneist, sett tilbake i 1981.)

Sjølv om Ingvild sprang godt under den gamle klubbrekorden innomhus, så fekk Eline Myking behalda denne, då ho sprang heilt ned på 4:42,35. I tillegg til ni sekund betre enn Eline sin gamle inne-klubbrekord, så er det også godt og vel halvsekundet under utepersen frå Ravnanger i juni i fjor.

Martine Eikemo Borge har no klubbrekordane innomhus både på 800 meter og 400 meter. 800 meter-tida blei pynta på med eit halvsekund frå Sandnes for 14 dagar sidan - til 2:11,94, medan Martine sprang på 57,33 på den halve distansen. Renate Lie sine 59,69 blir ståande som U20-rekord.

Monika Benserud sette nye innepers i lengde, med 5,76, berre 12 centimeter bak utepersen frå Tyrvinglekene i fjor.

Også Espen Roll Karlsen er no klubbrekord-innehavar i Gneist, med 4:05,47 på 1500 meter. Espen sin gamle innepers var på 4:11,30, frå Stange i fjor.

Henrik Irgens Gravdal sette klubbrekord på 600 meter, på 1:24,02, og betra den i U20 på 1500 meter, til 4:06,03 (frå 4:09,95).

Anders Bjørndal skal ha æra for å ha drege opp tempoet på den nemnde 600-meteren. Anders fekk seg 1:24,49 som tid, som er over sju sekund betre enn den tre år gamle innepersen og svært tett på utepersen. På 1500 meter dagen før blei det 4:14,15 på Anders - nøyaktig åtte sekund betre enn den gamle innepersen, også den sett tilbake under dei aller første Pingvinlekene, i 2012.

Ein av tre ungdommar på 1:24-talet på 600 meter var også Kristoffer Blücher, som sprang på 1:24,92. Kristoffer leverte også sterkte løp på 60- og 200 meter.

Gjert Høie Sjursen betra seg med to nye tidelar på 200 meter frå sist helg, til 24,46. Også på 60 meter blei det betring frå Nornalekene, her med åtte hundredelar, til ny pers 7,68. Gjert betra også eigen G15-klubbrekord på 60 meter hekk (84 cm) til 8,68.

Litt ubemerka er Jakob Jamt Ånonli i ferd med å veksa seg fram mellom dei sterkaste namna i klubben i sprint og no også i lengde. I helga blei det 24,33 på 200 meter (pers med heile firetidelar frå Nornalekene og godt over sekundet framfor utepers), 7,61 på 60 meter (pers med 12 hundredelar) og 5,66 i lengde.

Jens Larsen Åstveit sprang heilt ned på 4:06,68 på 1500 meter, pers med om lag åtte sekund (frå Pingvinlekene i fjor).

Vegard Albrigtsen knuste sin 1500 meter-pers, då han fekk seg 4:22,68 (hadde 4:34 inne og har 4:29,85 ute). Også på 600 meter blei det pers på Vegard, med 1:28,42 - rettnok berre innepers - sju tidelar bak bestetida utandørs.

Henrik Almenningen kom seg over 6-meteren også innomhus, med 6,01. På 60 meter blei det 7,69 på Henrik, pers med fem hundredelar.

Også Magnus Leikvoll fekk notert seg 7,69 på 60 meter, som er tre hundredelar betre enn under Nornalekene.

Malin Marie Rosvoll Olsen meiner eg debuterte på 200 meter innomhus, med 28,32, tett bak utepersen, medan ho knuste gamlepersen på 60 meter, med 8,42 (8,70 ute og 8,75 inne frå i fjor).

Andreas Jensen sette innepers på 1500 meter med 4:43,66. Den gamle var frå UM i Bærum i mars i fjor.

Stian Norheim pynta aldri så lite på sin ferske innepers på 1500 meter, no til 4:20,22.

Halldor Espe kan gratulerast med sitt første registrerte baneløp, med flotte 4:21,45 på 1500 meter.

Det blei 8,10 på 60 meter og 1,55 i høgde på Andreas Brage Olsen. Og me noterer oss følgjande innetider på Torbjørn Knag: 28,76 på 200 meter, 8,54 på 60 meter og 1:48,89 på 600 meter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar