torsdag 8. januar 2015

Utøvarportrett: Martine Eikemo Borge

Me er komne til Martine Eikemo Borge i serien av utøvarportrett. Om henne kan ein seia ein god del. Ein fin tekst var å lesa på kondis.no for ikkje så lenge sidan. Me saksar derifrå:


Martine Eikemo Borge (25 år i mars) har alt 10 år bak seg på nasjonalt toppnivå, inkludert medlemskap i det gode selskap i amerikansk universitetsidrett i fire av dei. Martine er i dag mest kjent som 400- og 800- meter- løpar, men alt som 15-åring vann ho UM-gull på 2000 meter (eit gull ho også forsvarte året etter). Same året deltok ho i Nordisk juniormesterskap første gongen. Martine har to norgesmesterskap for seniorar – eitt på 400 meter i 2011 og eitt på 800 meter i 2012. I tillegg har Martine 4 sølv og 1 bronse frå hovud-NM. På ungdoms- og juniornivå er ho medaljegrossist: Frå Nordisk juniormesterskap har ho 1 gull (4 x 400 meter) og 3 bronsemedaljar. I junior-NM har me notert oss 8 gull, 9 sølv og 2 bronse. 4 av gulla er på 800 meter, 3 er på 400 meter og 1 er frå 1000 meter stafett. Og frå UM har Martine til saman 10 gull, fordelt på 6 ute og 4 inne. Også her er det på 800 meter flest gull er tekne – 6 i talet. I tillegg har me funne fram til 1 sølv og 4 bronse frå UM. I 2012 var Martine med på 4 x 400 meter-laget under EM i Helsingfors. Det har vore litt stang ut for henne siste to sesongane – og det trass i at ho persa både på 600 meter (1:31,02) og 800 meter i 2014 (2:05,04). I 2014 hadde me det høgste nivået på 800 meter for kvinner her i landet på lang tid. 400 meter-persen er på 54,05 frå det som var Martine sin heimebane i fire år i USA, Fayetteville, Arkansas.




Utvalde persar
200 meter
25,22 (Tempe, USA, 6. april 2013)
400 meter
54,05 (Fayetteville, USA, 4. mai 2012)
600 meter
1:31,02 (Fana, 6. mai 2014)
600 meter (i)
1:31,35 (Fayetteville, USA, 6. januar 2012)
800 meter
2:05,04 (Fana, 9. juli 2014)
800 meter (i)
2:05,29 (Fayetteville, USA, 1. mars 2013)

Medaljefangst i nasjonale mesterskap (+)

NORDISK
GULL, 4 x 400 meter, jr-Nordisk, 2007
BRONSE, 800 meter, jr-Nordisk, 2007
BRONSE, 800 meter, jr-Nordisk, 2008
BRONSE, 4 x 400 meter, jr-Nordisk, 2006

NM
GULL, 400 meter, NM, 2011
GULL, 800 meter, NM, 2012
SØLV, 800 meter, NM, 2007
SØLV, 800 meter, NM, 2011
SØLV, 400 meter, NM, 2012
SØLV, 1000 meter stafett, NM, 2012
BRONSE, 1000 meter stafett, NM, 2013

GULL, 800 meter, jr-NM, 2007
GULL, 800 meter, jr-NM, 2008
GULL, 800 meter, jr-NM (U23), 2011
GULL, 800 meter, jr-NM (U23), 2012
GULL, 400 meter, jr-NM, 2009
GULL, 400 meter, jr-NM (U23), 2011
GULL, 400 meter, jr-NM (U23), 2012
GULL, 1000 meter stafett (U23), 2011
SØLV, 4 x 800 meter, jr-NM, 2005
SØLV, 4 x 800 meter, jr-NM, 2006
SØLV, 4 x 800 meter, jr-NM, 2007
SØLV, 4 x 800 meter, jr-NM, 2008
SØLV, 800 meter, jr-NM, 2005
SØLV, 800 meter, jr-NM, 2009
SØLV, 4 x 400 meter, jr-NM, 2006
SØLV, 400 meter, jr-NM, 2008
SØLV, 1000 meter stafett, jr-NM (U23), 2012
BRONSE, 4 x 400 meter, jr-NM, 2007
BRONSE, 4 x 800 meter, jr-NM, 2009


UM
GULL, 800 meter, UM, 2005
GULL, 800 meter, UM, 2006
GULL, 800 meter, UM, 2007
GULL, 800 meter, UM, 2008
GULL, 400 meter, UM, 2007
GULL, 2000 meter,UM, 2006
SØLV, 1000 meter stafett, UM, 2006
BRONSE, 4 x 600 meter, UM, 2005
BRONSE, 1000m stafett, UM, 2005
BRONSE, 2000 meter, UM, 2005
BRONSE, 400 meter, UM, 2008

GULL, 1500 meter, inne-UM, 2005
GULL, 800 meter, inne-UM, 2005
GULL, 800 meter, inne-UM, 2006
GULL, 400 meter, inne-UM, 2007


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar