mandag 19. januar 2015

Før Nornalekene

Sjå der, brått var det vinter igjen - etter gammalt. Og ikkje før er det blitt skikkeleg vinterver, så er sommaridretten friidrett i gang med konkurransar igjen - naturlegvis innomhus.

Komande helg er det klart for det første av to no tradisjonsrike innandørsstemne i Leikvanghallen - Nornalekene. Dette året kjem Nornalekene og Pingvinlekene vel mykje slag i slag, nemleg helg etter helg. Me får håpa at dette berre er eit unntak dette året og at det ved seinare høve blir litt fri til trening mellom dei få lokale innekonkurransane igjen.

Nornalekene

Nornalekene er like så godt også kombinert med inne-KM. Inne-KM var ei nyvinning då Leikvanghallen stod klar, men det har vist seg svært vanskeleg å finna arrangør og tidspunkt for meisterskapet. Vinterferie og treningsleirar har matcha dårleg med eit KM.

Oversikten over Gneist-påmelde til Nornalekene følgjer nedanfor. Den viser ein god del startar, så tidleg på året. Eg saknar påmelde i dei yngste klassane, ikkje minst mellom gutane, men me får håpa det ser annleis ut når me kjem til pingvinane sine leikar. Oversikten viser også nokre sikre KM-titlar, der utøvarane er einaste påmelde i sine klassar. Og så noterer me oss at det kjem spennande gjester i nokre klassar, som at Amund sine stafett-kompisar Ousman Touray (BUL) og Joachim Sandberg (Sandnes) dukkar opp. Det same gjer Joachim si yngre søster Emilie, som vil gi spenande duell med Anna Evensen i J15.

J10
Hedda Erica Eikanger (200m, 600m, 60m hekk, høgde)
Marie Myrmel (60m, høde, lengde)

J11
Sofie Ellingsen (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde)
Emilie Hestad (60m, 200m, 600m. lengde)

J12
Una Haukanes (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde)
Hilda-Lovise Riisnes Riise (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
Marie Seliussen (200m, 600m)
Emma Dahl Sørbo (60m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde)
Emma A. Voldsund (60m, 60m hekk, høgde, lengde, kule)

J13
Nora Helene Kjerland Kristensen (60m)

J14
Maren Kathinka Myrmel (høgde, lengde)

J15
Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde)

J16
Sanne Myrmel (60m hekk, stav, lengde)

J17
Maria Josefine Berg (800m)

J18/19
Ingrid Næss Johansen (3000m)
Eline Myking (800m)

KS
Monika Benserud (60m, tresteg)
Renate Lie (60m, 200m)
Ingvild Myking (3000m)

G13
Herman Ellingsen (60m, 200m, 600m, 60m hekk)

G14
Andreas Haara Bakketun (60m, 200m)
Hans-Magnus Haukøy (800m)
Pål Haugen Lillefosse (60m, 200m, 60m hekk, stav, lengde, tresteg)
Håvard Rinde (60m, 400m, 60m hekk, tresteg, kule)
André Seliussen, (800m, 3000m - i G16)

G15
Gjert Høie Sjursen (60m, 200m, 60m hekk, lengde, kule)

G16
Jakob Jamt Ånonli (60m, 200m)

G17
Vegard Albrigtsen (400m, 800m)
Andras Jensen (3000m)
Sondre Rinde (200m, 400m, 60m hekk, lengde, tresteg)

G18/19
Magnus Leikvoll (60m, høgde)
Stian Norheim (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)

MS
Anders Bjørndal (400m, 800m)
Kristoffer Blücher (400m)
Henrik Irgens Gravdal (800m, 3000m)
Espen Roll Karlsen (3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)
Morten Seliussen (3000m)
Amund Høie Sjursen (60m, 200m, lengde)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar