mandag 12. januar 2015

Adelskalender, Gneist: langdistanse

Det er ikkje til å stikka under nokon stol at ein må langt tilbake i tid for å finna sterke Gneist-resultat i seniorklassen på langdistanse - 5.000 og 10.000 meter. På kvinnesida må ein ikkje berre langt tilbake i tid, her er det rett og slett uhyre få på listene.

På 10.000 meter er det ingen Gneist-kvinner å finna, medan Ingrid Sandvoll står som klubbrekord-innehavar på den halve distansen, med 17:46,8 frå Bislett sommaren 1982 (ein flott sommar, forresten).

For menn er det eit lite halvdusin på mine lister (som gjerne tar imot supplering!) på kvar av dei to langdistansane - og kvinnheringen Hans Jakob Berge, med klubbrekordane utandørs frå 1500 meter til 10.000 meter, pregar listene.

Det er plass til fleire av dagens aktive her, ikkje minst Gneist-nykomar Espen Roll Karlsen, som med sin pers frå sist sommar hade plassert seg på 4. plassen på 10.000 meter.

5000 meter
1. Hans Jakob Berge 14:05,4 (1979)
2. Terje Sejrup 14:24,3 (1981)
3. Øyvind Gausvik 14:31,0 (1979
4. Petter Kleppe 14:36,30 (1981)
5. Hans B. Sejrup 14:49,9 (1981)
6. Torkjell Solbø 15:06,85 (1984)

10000 meter
1. Hans Jakob Berge 29:29,5 (1979)
2. Øyvind Gausvik 30:06,3 (1979)
3. Hans B. Sejrup 31:05,7 (1982)
4. Aage Odfjell 32:01,4 (1983)
5. Torkjell Solbø 32:26,1 (1985)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar