fredag 23. januar 2015

Utøvarportrett: Ingvild Myking

Det er eit par år sidan no. Me var i Leikvanghallen. Eg hadde teke tider og ført rundetider for harde livet nokre timar alt. Nett då eg hadde tenkt å ta meg ein pause og lufta vetet litt, då sa Tom Roger til meg at no måtte eg ikkje ta nokon pause og lufta vetet. No måtte eg i staden sjå den der vesle Bjarg-jenta - som ho då var. Og Tom Roger skal ein høyra på, så det gjorde eg.

Det var ikkje nett same opplevinga som då Jon Landau såg Bruce Springsteen live første gongen og proklamerte at han hadde sett rock'n roll si framtid, men eg kom no til å tenka på nett det likevel: Det var definitivt ei framtidsvon eg såg i vesle Ingvild Myking, som alt er blitt 15 år. Men heller ikkje meir. Ho er i J16 no, men fyller ikkje 16 før mot slutten av året.

Alt første meisterskapssesongen fekk ho med seg to 4. plassar frå junior-NM. Og framfor alt har ho eit par fantastiske 2000 meter-løp (både som 13- og som 14-åring) frå Gøteborg å slå i bordet med. Begge deler var kretsaldersrekord i U20. Og frå UM er det blitt 1 gull og 1 sølv ute og 1 gull og 1 bronse inne.




Persar

600 meter
1:40,46 (Fana, 8. juni 2013)
600 meter (i)
1:44,08 (Haukås, 9. februar 2014)
800 meter
2:17,20 (Gøteborg, 28. juni 2013)
800 meter (i)
2:20,99 (Bærum, 8. mars 2014)
1500 meter
4:45,87 (Stockholm, 25. august 2013)
1500 meter (i)
4:51,68 (Haukås, 8. februar 2014)
2000 meter
6:24,49 (Gøteborg, 29. juni 2014)
3000 meter
10:07,77 (Fana, 1. juni 2014)
3000 meter(i)
10:17,94 (Haukås, 19. januar 2014)

Medaljefangst i nasjonale mesterskap (+)

UM
GULL, 4km terrengløp, UM, 2014
SØLV, 2000m, UM, 2014

GULL, 1500m, inne-UM, 2014
BRONSE, 800m, inne-UM, 2014 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar