torsdag 29. januar 2015

Adelskalender, Gneist: korthekken

Hekk er vanskeleg - både å springa, heilt sikkert, og å følgja med på/føra statistikk over. Historisk kompliserer endra hekkehøgder og - avstandar dette biletet endå meir, ikkje minst i barne- og ungdomsfriidretten.

For seniorar er det ikkje fullt så komplisert, sjølv om det er utfordrande nok. Historisk rådde til dømes dei manuelle tidene grunnen svært lenge - og vindmålarane var heller ikkje av same slaget og hadde same utbreiing som tidlegare.

Kan henda er det alt dette som gjer at eg prøver å ta for meg hekkeøvingane meir eller mindre fortløpande. Det er ein 200 meter hekk som ligg og lurer der ein stad også, får nett sjå når eg får tid (og lyst) til å kikka på den. Men sist var det langhekken, no er det korthekk-øvingane for begge kjønn eg prøver meg på.




Biletet viser den einaste aktive i dag som er inne på listene nedanfor, Maren Haugen Lillefosse, som sprang på 16,19 under junior-NM i Lisleby sist sommar.

100 meter hekk, kvinner
1. Anne Beth Espetvedt 13,39 (1987)
2. Kjersti Ristesund 13,98 (1987)
3. Bente Lervik (Liland) 14,90 (1982)
4. Benedikte Liland 16,03 (2003)
5. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 16,07 (1981)
6. Maren Haugen Lilllefosse 16,19 (2014)
7. Hilde Hovlandsdal (2004)

110 meter hekk, menn
1. Kjetil Espetvedt 14,5/14,87 (begge 1989)
2. Roar Haugland 15,01 (1986)
3. Dagfinn Hårklau 15,5 (1977) (17,47 - 1979)
4. Erlend Gjøen 15,83 (1982)
5. Lars Jørgen Ytrehus 16,10 (1983)
6. Morten Benserud 16,37 (2007)
7. Knut Thorbjørnsen 16,68 (1981)
8. Tor Haugland 16,5 (1979)
9. Thor Gjesdal 16,6 (1981)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar