fredag 16. januar 2015

Adelskalender, Gneist: 100 meter

Hin dagen var det langdistanse det handla om. Her kjem det andre ytterpunktet - 100 meter. Planen var å sjå på mennene sin 100 meter, men sidan eg berre fann fire namn på lista - under resultatgrensa på 11,43 - ja, så ville eg inkludera kvinnene også. Til gjengjeld var det haugevis av dei...




Dei færraste får bli dei første - som det ikkje heiter i skrifta. Her er mennene, der Amund Høie Sjursen (biletet) - som i skrivande stund sikkert framleis driv og feirar sine ferske 19 år - tronar suverent i toppen, med sine 10,45 frå fjoråret:

1. Amund Høie Sjursen 10,45 (2014)
2. Rune Dolvik 11,22 (1983)
3. Jonathan Haugland 11,37 (2005)
4. Kristoffer Blücher 11,41 (2014)

Jonathan Haugland sprang ned på 11,15 året etter, i 2006, men då som rein BFG-ar.


For kvinnene er det mamma Bjørndal, dåverande Kjersti Ristesund, som også er suveren i toppen, men her har eg 13 så mange som ndre namn under 13 blank. Kjersti sprang på 12,03 som 17-åring i 1987.

1. Kjersti Ristesund 12,03 (1987)
2. Monika Benserud 12,40 (2014)
3. Vilde Lund Bjørnsen 12,45 (2011)
4. Nanna Gjerde 12,4 (1976)
5. Kathrin Sandvik 12,51/12,3 (1989)
6. Benedikte Liland 12,59 (2004)
7. Anne Skudal Dolvik 12,68 (2005)
8. Merete Stavang 12,6 (1988)
9. Ingvild Mundal Andersen 12,70 (2008)
10. Sissel Kartveit 12,7 (1973)
11. Gerd Lise Nybråt 12,80 (1987)
12. Amalie Tefre Skage 12,81 (2008)
13. Renate Lie 12,84 (2013)
13. Maren Haugen Lillefosse 12,84 (2013)

Anne Skudal Dolvik har vore nede på (i alle fall) 12,18 som BFG-ar, som 23-åring i 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar