Elise (blir 20 i mai) har bidrege både sportsleg og til eit godt miljø i fleire år. Ho har ikkje minst vore ein sentral bidragsytar til stafett-medaljar i meisterskap ved fleire høve. I hovud-NM i 2013 var ho med på bronselaget til BFG, medan det elles har blitt 2 gull og 2 sølv i stafettar i junior-samanheng og 4 gull i UM-stafettar. Det er solid. I UM har Elise individuelle medaljar av alle valørar på 100 meter. Og dei av oss som var til stades hugsar framleis gullet på 60 meter hekk innomhus på Ranheim vinteren 2011.
Elise har sine beste persar på dei kortaste løpa; 7,98 på 60 meter og 12,52 på 100 meter, men ho har habile resultat også på 200 meter og i lengde. Mindre kjent er hennar stavpers på 1,94…
Elles har Elise gjort ein glitrande innsats som ein av leiarane av DNB Idrettsleker dei to siste somrane. Der har ho gjort uutsletteleg inntrykk på mange unge håpefulle - mellom dei den yngste i underteiknas familie.
Persar
60 meter
|
7,98 (Fana, 4. juni 2011)
|
60 meter (i)
|
8,00 (Sandnes, 9. mars
2012)
|
100 meter
|
12,52 (Lillehammer, 23.
juni 2013)
|
100 meter (i)
|
13,10 (Drammen, 14.
februar 2010)
|
200 meter
|
26,69 (Lillehammer, 24. juni
2011)
|
200 meter (i)
|
27,20 (Ranheim, 13. mars
2011)
|
60 meter hekk (i)
|
9,32 (Ranheim, 11. mars
2011)
|
Stav
|
1,94 (Fana, 23. mai 2010)
|
Lengde
|
4,92 (Fana, 5. juni 2011)
|
Tresteg
|
9,65 (Fana, 30. september
2012)
|
Medaljefangst i nasjonale mesterskap
NM
BRONSE, 1000 meter stafett, NM, 2013
GULL, 1000 meter stafett, jr-NM (U23), 2011
GULL, 4 x 100 meter, jr-NM, 2011
SØLV, 4 x 100 meter, jr-NM, 2012
SØLV, 1000 meter stafett, jr-NM (U20); 2014
UM
GULL, 100 meter, UM, 2010
GULL, 4 x 100 meter, UM, 2011
GULL; 1000 meter stafett, UM, 2013
GULL; 1000 meter stafett, UM, 2014
SØLV, 100 meter, UM, 2011
BRONSE, 100 meter, UM, 2012
GULL; 60 meter hekk, inne-UM, 2011
GULL, 60 meter, inne-UM, 2012
GULL; 4 x 200 meter, inne-UM; 2012
SØLV, 100 meter, inne-UM, 2010
SØLV, 60 meter, inne-UM, 2010
SØLV; 60 meter, inne-UM, 2011
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar