fredag 9. januar 2015

Utøvarportrett: Jørgen Austvik

Jørgen Møklebust Austvik (blir 23 til sommaren) er ein naturleg oppfølgjar etter at Martine Eikemo Borge blei presentert i sist innlegg. For også gutane treng nokre vaksne i gjengen - og Jørgen er ein slik. Studenten er nyss tilbake frå studieopphald i USA og klar for ny innsats - og til å vera eit viktig lim i gruppa til Bjarte.

Jørgen har slite ein god del med skadar, men har også hatt solide framgangar etter meir smålåten start i ungdomsåra. Han har tre bronsemedaljar frå inne-UM og var også med på 4 x 1500 meter-laget som vann bronse i juniorklassen under stafett-NM på Marienlyst i Drammen i 2011.

Når Jørgen er tilbake på banen for fullt, så er det å få persane ned på rett side av 2- og 4- tal på høvesvis 800 og 1500 meter naturleg mål.





Utvalde persar
400 meter
56,92 (Fana, 9. juni 2013)
800 meter
2:01,06 (Nadderud, 15. juni 2013)
800 meter (i)
2:00,62 (Haukås, 29. desember 2012)
1500 meter          
4:00,93 (Fana, 7. juni 2013)
1500 meter (i)     
4:05,55 (Steinkjer, 10. mars 2013)
2000 meter
5:55,62 (Fana, 13. august 2011)
3000 meter
8:48,45 (Nadderud, 14. juni 2013)
3000 meter (i)     
8:51,04 (Haugesund, 3. februar 2013)
5000 meter
15:37,11 (Gøteborg, 9. juli 2012)

Medaljefangst i nasjonale mesterskap

NM
BRONSE, 4 x 1500m, jr-NM, 2011

UM
BRONSE, 1500m, inne-UM, 2010
BRONSE, 1500m, inne-UM; 2013

BRONSE, 800m, inne-UM, 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar