torsdag 15. januar 2015

Adelskalender, Gneist: 400 meter kvinner

Medan det er stort potensial for forbetring på adelskalenderen på langdistanse, så er lista på 400 meter for kvinner temmeleg hyggeleg lesnad. Her er for det første mange namn. For det andre manglar den i årets Gneist-tropp med klart best pers, Martine Eikemo Borge (54,05). For det tredje finst likevel utøvarar som Vilde Lund Bjørnsen (klubbrekordhaldar, på det ikkje heilt oppdaterte biletet nedanfor), Renate Lie og Elina Drivenes inne på lista - der grensa går på 62,00. (Elina har hakket betre pers enn det ho står med her, men den var sett i Fana-drakta i 2012.)



Her er heile lista:

1. Vilde Lund Bjørnsen 56,43 (2014)
2. Nanna Gjerde 56,6 (1977)
3. Renate Lie 57,77 (2013)
4. Kjersti Ristesund (Bjørndal) 57,90 (1986)
5. Torunn Sandvoll 59,01 (1982)
6. Gerd-Lise Nybråt (Salvesen) 59,38 (1986)
7. Helene Risti Bergaas 59,41 (2004)
8. Lise R. Hovlandsdal 59,76 (2000)
9. Jannicke Damm Rusti 60,15 (1981)
10. Solveig Ulleland 60,7 (1985)
11. May Britt Torkildsen 61,23 (1983)
12. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 61,6 (1977)
13. Beate Sejrup 61,80 (1981)
14. Elina Drivenes 61,97 (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar