søndag 10. februar 2013

Stolt og kry (eller: Europeisk toppklasse)

Første dag av Pingvinlekene gav oss alle mange svære idrettsprestasjonar, der Pål Haugen Lillefosse sitt stavhopp på 3,31 var den fremste. Det var europeisk rekord for 11-åringar! Den fenomenale stavinnsatsen til Pål var verdt 1120 tyrvingpoeng.

Men toppklasse hadde også sjølve arrangementet. Det er lett å vera stolt og kry over å vera del av Gneist-familien når ein får vera med på dette!

Stolt og kry er me også over nye PU-rekordar - på 3,98 i lengde og 8,92 på 60 meter!

Silje Stenersen (J13) flytta tida si på 1500 meter frå Stangehallen sist helg ned med heile 12 sekund, til 4:56,29. Det er fire sekund under Renate Lie sin to år gamle klubbrekord - og verdt heile 1052 tyrvingpoeng.

Renate Lie (J15) sjølv  knuste til med to solide sprintløp: På 60 meter sprang ho så raskt som 8,12 (1008 poeng), medan det blei 26,66 på 200 meter (987 poeng).

Ein annan som berre betrar seg og betrar seg, sjølv om han alt er på eit toppnivå, er Kristoffer Blücher (G14). På 60 meter er no persen (og klubbrekord) komen ned på 7,60 (1040 poeng)!

Superlativa om Stian Øvergaard Aarvik (G16) er blitt frykteleg mange no. På 1500 meter kom Stian heilt ned på 4:11,95 (1000 blanke tyrvingpoeng).

Nøyaktig 1000 poeng var også Maren Haugen Lillefosse sin 60 meter på 8,15 verdt. I tillegg blei det 27,15 (949 poeng) på 200 meter.

Sidsel Møllerup (J10) får heile 977 tyrvingpoeng for sitt kulestøt på 6,42. I lengde blei det 3,24 (819 poeng) på Sidsel.

Ein annan som me har skrytt mykje av - og ikkje minst på 200 meter - er Emil Engelsen Holm (G16). Denne lørdagen kom han seg under magiske 24 blank, til 23,93 (963 poeng)! På 60 meter pynta han også på tida si, til 7,66 (929 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang inn på 24,64 på 200 meter (945 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang 200-meteren sin på 27,09 (926 poeng).

André Seliussen (G12) er ein av mange som spring fortare og fortare. Denne gongen blei det 5:04,63 på 1500 meter (925 poeng).

Det blei ein framifrå 60 meter på Nora Øvergaard Aarvik (J14). Ho sprang heilt ned på 8,55 (919 poeng). På 200 meter blei det 28,64 (879 poeng) på Nora.

Anna Evensen (J13) sprang på 28,94 på 200 meter (903 poeng). På 60 meter blei det 8,77 (900 poeng) på Anna.

Ingrid Næss Johansen (J16) kom seg under 5 blank på 1500 meter, då ho sprang inn til 4:58,40 (901 pooeng).

Tobias Sedberg Garden (G10) støtte kula 6,57 (870 poeng) og sprang 60-meteren på 9,82 (832 poeng).

Nora Møllerup (J10) støtte kula til 5,03 (869 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) sprang på 9,78 på 60 meter (856 poeng).

Thomas Blücher (G13) hadde ein finfin lørdag i Leikvanghallen. På 1500 meter kom Thomas seg under 5 blank: 4:59,19 (851 poeng), på 200 meter blei det 27,77 (849 poeng) og på 60 meter 8,67 (819 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) held fram med å betra seg på 1500 meter, no til 5:06,87 (850 poeng).

Håvard Rinde (G12) sprang under 9 blank på 60 meter - med 8,97 (846 poeng).

Henrik Almenningen (G16) sprang 60-meteren på 8,01 (835 poeng).

Herman Ellingsen (G11) sprang 9,42 på 60 meter (832 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) hoppa 4,81 i lengde, som er sesongbeste (832 poeng).

Stian Norheim (G17) innepersa på 1500 meter til 4:29,92 (832 poeng).

Same lengda - 4,81 - blei det på Herman Hovland (G14). Han sprang 8,41 på 60 meter (821 poeng).

Gina Milde (J15) sprang 60-meteren sin på 8,85 (811 poeng).

16års-jubilanten Anna Serine Røssland (J16, altså) sprang på 5:14,79 på sin 1500 meter (803 poeng) - med stiv legg. Det blei solid innepers - med 27 sekund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar