lørdag 23. februar 2013

Hopptradisjonen lever

Ein trønder blei verdsmeister i hopp lørdag. Og apropos hopp...

Ein fredag i februar kvart år samlast ein Gneist-gjeng til offisielt hoppstemne. Denne gongen skjedde det første fredagen i skulane sin vinterferie, men trass i det var oppmøtet godt på Ytrebygda.

Igjen kom det mange gode resultat, som blir nyttige når ein kjem til lagserie-oppsummering i oktober.

Spenstfenomenet Sanne Myrmel (J14) fekk til eit hopp på heile 2,35 i lengde (922 poeng). I høgde blei det 1,15 på Sanne (857 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 1,05 i høgde (872 poeng) og 2,09 i lengde (820 poeng).


Una Haukanes (J10) er godt i gang med sin første poengplukkarsesong. Ho hoppa 85 centimeter i høgde (857 poeng), og i lengde blei det 1,79 (844 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) viser forbetringar i fleire øvingar alt så tidleg på året. Denne gongen blei det 1,10 i høgde (838 poeng) og 2,34 i lengde (830 poeng).

Jonas Tyssebotn Berg (G10) hoppa 80 centimeter i høgde (830 poeng). Det same gjorde Erlend Krog Solvang (G10).

Hans-Magnus Haukøy (G12) hoppa over 1 meter i høgde (830 poeng).

Det same gjorde Håvard Rinde (G12). Han landa også på 2,07 i lengde (810 poeng).

Herman Ellingsen (G11) fekk opp 1,93 i lengde (825 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) og Katrine Holm Gjeraker (J10) hoppa begge 80 centimeter i høgde (810 poeng).

Sondre Rinde (G15) hoppa 2,49 i lengde (805 poeng).

... Så er det også tradisjon at ein bunke med veteranar samlar seg resulatat til Veterankonkurransen under dette hoppstemnet på Ytrebygda. Av alle dei glitrande resultata må naturlegvis Geir Sjursen sitt lengehopp på 2,68 trekkast fram. Det er beste seniorprestasjon i BFG Bergen i vinter i lengde utan tilløp. Sprekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar