lørdag 2. februar 2013

Flotte NM-debutar

Medan det var halvvegs vinterleg utanfor, så blei det ei rekke gode NM-debutar for BFG-utøvarar i inne-NM i Haugesund lørdag.

Sterkaste debut var det yngstemann, Henrik Irgens Gravdal (G15), som stod for. 15-åringen slo til med 4:12,78 og offensiv og god springing i heatet sitt. Det var rett og slett ein knallsterk seniordebut. Løpet er verdt 1050 tyrvingpoeng og er berre to sekund bak Rodgeir Vigestad sin legendarisk G15-klubbrekord i Gneist. Og det er i praksis åtte månader å gjera det på enno...

Ei som ikkje debuterte i NM-samanheng var Monika Benserud (J17). Med 7,98 på 60 meter var ho noko bak pers og tre fattige hundredelar frå semifinaleplass på distansen. Løpet var verdt 1005 tyrvingpoeng og er ny J17-klubbrekord i Gneist.

Marianne Benserud (J18) vann NM-gull i høgde utan tilløp. No skal ein ikkje brifa for mykje, men sigeren var i høg grad venta. Det var berre to utøvarar påmeldt til denne øvinga og med 1,37 frå KM i hopp nyleg var Marianne grei favoritt. Ho måtte nøya seg med 1,30 denne gongen, men det var likevel 10 cm framfor nr. 2. I stav blei det sesongbeste på Marianne med 3,10 (920 poeng) og dermed held ho fram med å pynta på eigen klubbrekord i Gneist i J18.

Gjennomgangen av dag 1 i Haugesund starta med ein debutant, Henrik. I same heat måtte han likevel sjå seg slegen med fem hundredelar av den godt og vel tre år eldre Erlend Gjerdevik Sørtveit. Erlend si tid blei dermed 4:12,73, verdt 910 tyrvingpoeng i G19.

1 kommentar:

  1. 1500 for menn: tolvdobbelt vestlandsk! (inkl Vest-Agder, som har vest i navnet...)

    SvarSlett