torsdag 21. februar 2013

Historietime: Terreng og banestafettar 2005

Dersom eg ikkje har blingsa aldeles feil, så var BFG fråverande frå deltaking i banestafett-NM i både 2003 og 2004. I 2005 derimot, i Steinkjer, var fleire lag på plass og markerte seg:

Det blei tre medaljar og alle medaljane kom i juniorklassane. Det eine gullet var det gutane på 4 x 400 meter som vann. Espen Liland, Håvard Hasås, Mats Benserud og Marius Benserud var dei fire på langsprint-laget. Tida blei 3:25,37

Tre av desse var også deltakarar på sølv-laget på 4 x 100 meter i menn junior. Det var Espen Liland, Håvard Hasås og Marius Benserud. Dei sprang dei tre siste etappane, medan Jonathan Haugland var startmann på det laget. Tid: 44,59.

Den tredje medaljen, og den andre sølvmedaljen, var det juniorjentene på 4 x 800 meter som stod for. Her sprang Karen Hansen, Marianne Dalland, Synne Rørvik og Martine Eikemo Borge. Tida, 9:59,63, var berre halvtanna sekund under det som dei fire 15-åringane på det tilsvarande stafettlaget frå BFG oppnådde på Jessheim sist mai.

Éin einsleg medalje blei det på BFG i dei to terrengmeisterskapa i 2005. Det var Kirsten Melkevik Otterbu som vann sølv, då ho sprang 2 kilometer i Åheim på Sunnmøre på 7,07 - sju sekund bak vinnaren Susanne Wigene. Martine Eikemo Borge hadde eit travelt førsteår som junior: I kortløypa i terreng-NM stilte ho i juniorklassen og blei nr. 5. Ho hadde fleire råsterke distanseløparar framfor seg: Karoline Bjerkeli Grøvdal (som vann, også ho førsteårs junior den gongen), Silje Fjørtoft og Kristine Eikrem Engeset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar