tirsdag 5. februar 2013

Historietime: Junior-NM 2005

Apropos Haugesund: For åtte år sidan var det junior-NM på Haugesund Stadion - ein stadion som no ein har pløya opp og gjort klart for potetsetting til våren.

Junior-NM i 2005 er faktisk det einaste junior-meisterskapet dei siste åra der BFG har kome heim utan gullmedalje. Med fire sølv og to bronse var likevel ikkje medaljefangsten så galen.

Sølva først:
Steffen Nerdal plukka med seg ein ny kastmedalje i BFG-drakta, før han etter kvart skifta den ut med den svarte frå klubben nord i byn. Sølvet kom i diskos i U23-klassen (36 cm bak gullet).

Dagens BFG-flaggskip, Martine Eikemo Borge tok sølvet på 800 meter som førsteårs junior. Tida var 2:17,60.

Og brørne Marius og Morten Benserud vann ein kvar sin sølvmedalje på same distansen - 400 meter hekk - i høvesvis U20 og U23.

Dei første av dei to bronsemedaljane gjekk til ein annan frå siste kast-perioden til BFG (og Gneist), nemleg Andreas Eeg. Han kasta 43,97 i diskos i U20. Andreas Eeg blei elles nr. 5 i slegge, der han var nøyaktig halvmeteren framfor nr. 6, ein viss Eivind Henriksen - deltakar i slegge i OL i London i fjor sommar.

Den andre bronsen var det Eirik Karstensen som vann. Det skjedde også den gongen i høgde, der han stoppa på 1,94.

Ein siste kuriositet: Benedikte Liland blei nr. 4 i kule med 10,94. Ho var tre centimeter framfor nr. 5, Kristin Sundsteigen frå IL Trio. Kristin Sundsteigen er Norges desidert beste kulestøtar på kvinnesida i dag. Og ho vaks altså opp i den finaste delen av Kvinnherad og representerte storklubben Trio, før ho flytta over til mindre renommerte klubbar som Stord og Tyrving.

2 kommentarer:

  1. Husker jeg ikke feil tok vi gull på 1000 meter stafett i MJ19. Marius, Espen, Jonathan og meg. En fantastisk sisteetappe av Marius tok oss forbi alle andre

    SvarSlett
  2. Og beviset ;)
    http://www.kondis.no/1000m-stafett.4766130-127709.html

    SvarSlett