onsdag 27. februar 2013

Før inne-UM - I

Påmeldingsfristen til inne-UM i Steinkjer neste helg gjekk ut i går, tirsdag. Gneist reiser oppover med ein heil liten batajon. Som tradisjonen tilseier, så skal bloggen kikka nærmare på deltakarane i dagane fram mot avreise.

Men, dette er ikkje lett. Å vurdera kva ulike utøvarar er gode for no midtvinters, er i staden uhyre vanskeleg. Nokre er med for å "ta turen", andre kjem rett frå tung treningsleir, andre har prikka inn ein liten innetopp til UM. Men me får legga til grunn det som det er muleg å legga til grunn.

Først ut er våre to reprsentantar på 60 meter, jenter 18/19. Det er Marianne Benserud og Anne-Marte Sætre. Begge er - som mange andre i Gneist-troppen - i innspurten av treningsleir på Lanzarote i desse dagar. Det er 33 påmelde utøvarar til denne 60-meteren. Marianne blir rangert som nr. 21, medan Anne-Marte må finna seg i å stilla i køen bak der igjen. Astrid Mangen Cederkvist frå Vidar er favoritt, medan største vona om lokal medalje er det den gamle Bjarg-jenta Christine Bjelland Jensen (no Gular) som har.

200 meter, jenter 16 er det Elina Drivenes som er vår representant, mellom til saman 23 jenter på startstrek. Elina er også framleis på Lanzarote, men bør ha håp om ei plassering i det øvste sjiktet i Steinkjer. På førhand blir ho rangert som nr. 8. Alice Ulla Berg (Ålesund), Jenny Marie Labråten (Tyrving) og Oda Mohus (Runar) er medaljetipset.

Aleksander Lie har knalltøff konkurranse på sin 400 meter, gutar 17. Det er 14 deltakarar på startllista og Aleksander blir rangert som nr. 12 på førehand. Det blir spennande å sjå medaljegrossisten Karsten Warholm (Dimna) prøva seg på 400 meter. I tillegg er Sondre Dingsør Skogen (Bergens TF), Sigurd Blom Breivik (Sandvin) og Haavard Lien (Tyrving) berre nokre av mange sterke namn i øvinga.

Siste individuelle øving i dette innlegget er 60 meter, jenter 17. Og her stiller det fremste medaljehåpet av dagens utvalde, nemleg Monika Benserud. Ho har 7,98 på distansen frå denne innesesongen, noko som gir ho ei 5. rangering. Det er vanskeleg å koma utanom Naomi van den Broeck (Hovding) som favoritt. I tillegg tar me med Vilde Gjesbakk (Rana) og Signe Sævareid (Asker).

Gneist stiller også eige stafettlag på 4 x 200 meter i J15-17. Om det er vanskeleg å rangera individuelt, så er det alltid eit par hakk verre å rangera stafettlag. Men om jentene er friske og (ikkje minst) raske, så er det utvilsamt eit medaljelag Gneist stiller med. Dei andre laga som er påmelde er: Fagernes, Ullensaker/Kisa, Haugesund, Lørenskog, Sem og Sandnes. (Eg ser ikkje vekk ifrå at denne lista ikkje er uttømmande, stafettpåmeldingar går gjerne sine eigne vegar.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar