søndag 3. februar 2013

Til ungdommen

Ein tropp på 14 utøvarar frå BFG Bergen Friidrettsklubb var med i årets inne-NM i Haugesund. Det er ein auke på nær 500 % (...) frå fjoråret. Det er eit solid teikn på at klubben er på rett veg. Skal dei unge seniorane våre ta nye steg og løfta klubben, så må dei ut der og prøva seg. Dei må hausta erfaring og vera så røynde meisterskapsdeltakarar når dei er unge vaksne som me ser at ei rekkje andre ganske unge seniorar frå andre klubbar alt er det.

Andre dag var det kjekt å sjå Andreas Iden (framleis berre 17 år) fullføra 3000-meteren sin etter mykje trøbbel. No er det om å gjera å få trent heilskapleg og godt og få bukt med skadetrøbbelet. Tida: 9:24,21 (907 poeng).

Monika Benserud (16 år) hoppa 5,10 i lengde. Ho har naturlegvis mykje å gå på, men det er heilt greitt å ha det når ein skriv 3. februar. Hoppet var verdt 905 tyrvingpoeng.

Renate Lie (14 år framleis i tre veker til) sprang inn til 2:25,46 (895 poeng) i sin NM-debut. Renate skal vera med i mange meisterskap i åra framover - viktig å få henne i gang!

I gang kom også Anna Serine Røssland (15 år i seks dagar til...) etter ei halvdramatisk førjul og ufrivillig treningspause i tre veker rundt nyttår. Ho sprang heilt etter planen på sin 3000 meter i NM-debuten. Tida var underordna, men 11:21,65 var no verdt 869 tyrvingpoeng.

Så tar me også med Erlend Gjerdevik Sørtveit (18 år), som sprang på 2:06,09 på 800 meter (782 poeng). Erlend har 2:03 frå romjulsstemnet, men då var han enno eit par-tre døger unna sin nye Gneist-status .

BFG Bergen plukka to medaljar: 1 gull og 1 sølv - i høvesvis stille høgde (Marianne Benserud) og stille lengde (Vilde Lund Bjørnsen). Me tar det med det også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar