onsdag 6. februar 2013

The Comeback Club

No er det avgrensa med krigstypar som er muleg å bruka i denne bloggen, men skandaleoverskrifta kom på plass då Laksevåglekene blei avlyst tilbake i 2011. Seinare har stemnet som i mange år var sjølvaste opningsstemnet på Fana Stadion, i alle for dei yngste årsklassane, vore borte - og meir eller mindre forsvunne frå medvitet.

I fjor plasserte like så godt Fana sine Fanaleker (som frå 2013 heiter noko heilt anna) heilt i slutten av april og nærmast sementerte at no var Laksevåglekene borte for godt.

Men nei då, laksevågingane kjem tilbake på ny og på ny. Dei har hatt ein gylden generasjon utøvarar, og så tenker ein at no stoppar det vel litt opp der ute? Men så kjem det nye og nye. I fjor kom til dømes Christian Steen Orbekk (G16) som ein komet.

Og i 2012 kom også seriestemna på nye Nygårdsmyren i Laksevåg-regi. Ei ny tid var i emning.

Og første helga i mai ser det ut til å bli komplett: Då gjer Laksevåglekene come back. Det skjer, i følgje terminlista, søndag 5. mai. Og det nye er nettopp at stemnet skal leggast til Nygårdsmyren. Dette blir jo spennande og me får følgja med i spenning.

Det kan bli ein massiv start for dei ivrige, når utesesongen først kjem i gang: Hovdingleikar lørdag 4. mai, Laksevåglekene søndag 5. mai og BFG sitt opningsstemne på Fana stadion tirsdag 7. mai.

Men i denne omgang satsar me på at rykta om Laksevåglekene sitt come back held stikk og ønskjer stemnet velkommen tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar