lørdag 2. februar 2013

Rask som ein (koreansk) bil

Resultatlistene frå Stangehallen, der 13- og 14-åringar boltrar seg denne helga, fortel om at Gneist-utøvarar viser veg. Ein må nesten ha lov til å føya til; "som venta".

Men sjølv om det var venta aldri så mykje at det skulle bli gode resultat, så er det likevel ting å bli imponert over i tillegg:

Kristoffer Blücher (G14) har ei travel helg. Aller sterkast gjorde han det på 60 meter, der han no er heilt nede på 7,62 (1035 poeng), som er eitt hundredel under Fredrik Nesslin sin klubbrekord frå 2002! Også på 60m hekk (84,0) kom Kristoffer seg ned under klubbrekorden. Tida blei 9,04 (15/100 under Sondre Rinde si tid frå i fjor.) Og i lengde blei det 5,49 på Kristoffer (948 poeng).

Imponert er det absolutt muleg å bli også over høgdehoppinga til Nora Øvergaard Aarvik (J14). Med 1,57 (992poeng) vann ho suverent. No er det berre to centimeter opp til Amalie Tefre Skage sin åtte år gamle klubbrekord. På 60 meter sprang Nora på 8,72 (873 poeng).

Anna Evensen (J13) oppnådde 8,81 i 60 meter-finalen (889 poeng).

Silje Stenersen (J13) sesongdebuterte på 600 meter med 1:48,87 (835 poeng).

Og Espen Bjørndal (G13) hoppa 4,36 i lengde (802 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar