fredag 15. februar 2013

Historietime: Hovud-NM 2005

Som de forstår: Dette er snakk om "nærare" eller "moderne" historie. Mellomalder-historie får me fordjupa oss i ved seinare høve, når me har klart å grava oss ned i det sinnrike arkivet (eller "arkivet") i BFG-huset.

I 2012 arrangerte BFG null banestemne. Det er naturlegvis noko ein ikkje treng å vera stolt over. Alt i 2013 er det planlagde talet (inne/ute) oppe i fire.

Men midt i siste tiår så blei dei største banearrangementa i landet skipa til på Fana Stadion, rettnok berre det eine året med BFG som åleinearrangør (junior-NM i 2006). I 2008 blei den nordiske juniorlandskampen arrangert der, medan det var "Bergensalliansen" som i godt samarbeid tok seg av houvd-NM i 2005.

Det var godt med lokal deltaking under NM for åtte år sidan. Også den gongen var alderen på dei fleste BFG-deltakarane svært låg, sjølv om Kirsten Melkevik Otterbu (som ho heitte den gongen) drog snittalderen opp. Kirsten blei også den einaste medaljevinnaren på heimebane, då ho tok bronsen på 5000 meter, der Susanne Wigene blei suveren vinnar. Tida til Kirsten blei 16:28,03.

Martine Eikemo Borge var førsteårs junior (15 år gammal) og var med i forsøka på 400 meter (58,08).

Brørne Marius og Morten Benserud deltok i hekkeøvingane. På 400 meter hekk var det direkte finale; Marius blei nr. 5 (55,27) og Morten nr. 6 (56,22).

Hilde Hovlandsdal blei nr. 6 i høgde (1,70).

Stafettlaga på 1000 meter stafett blei nr. 6 (menn) og nr. 8 (kvinner).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar