lørdag 23. februar 2013

Heimebane

Det er framleis eit par vitale hol og manglar i meisterskapslista for 2014, etter at sentralstyret i Norges Friidrettsforbund gjorde sine tildelingar fredag. 

Det viktigaste først, sett med lokale auge: BFG Bergen skal arrangera NM/UM i terrengløp, lang løype, hausten 2014! Det gler me oss til!

Rettnok søkte BFG om arrangementet i kort løype, men det arrangementet er det neste års 100-årsjubilant Stord IL som tar seg av. Dermed går altså begge meisterskapa i terrengløp i 2014 på heimebane.

Junior-NM i blir hos ein "gammal kjenning" for oss som var på UM utandørs i 2011. Det er Fredrikstad IF som har fått arrangementet, på sitt sentralidrettsanlegg i Lisleby.

UM ute i 2014 er eit av dei arrangementa som førebels ikkje har nokon tilskipar Arrangementet blir følgjeleg lyst ut på nytt.

UM inne gjekk, ikkje overraskande, til IL Tyrving, som skipar til UM i si splitter nye storstove i Bærum (opnar i desse dagar).

Siste arrangementet som har fått arrangør er også temmeleg lokalt. Det er idrettslaget med det forfriskande namnet Ny Von som tar seg av NM i motbakkeløp i sitt Hovlandsnuten Opp, i Sauda i Ryfylke.

Medan det skal reisast ein del i 2013, så blir det mindre til neste år, med andre ord. Men UM kan jo framleis hamna i Alta...

Hovud-NM i 2014 er alt tildelt Ullensaker/Kisa og skal såleis gå på Jessheim. For hovud-NM gjeld det eitt års lengre planleggingshorisont. I 2015 skal Haugesund IL ta seg av det aller gjævaste arrangementet, så godt som på heimebane det også...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar