søndag 10. februar 2013

Flukt over pingvinane

Då er Gneist i hamn med sine andre pingvinleikar - og det er flukt over pingvinane i arrangørstaben og dei litt yngre som spring, hoppar og kastar. (Kor vidt det kan vera flukt over ein fugl som ikkje flyr, nei det er ein filosofisk diskusjon eg får la ligga, poenget burde no vera forstått, vil eg tru.)

Og så er det no slik: Jo betre våre utøvarar gjer det, jo tøffare jobb er det for statistikaren. Ja, ikkje berre det: jo fleire lokale heltar som deltar, jo meir omfattande jobb. Men det finst arbeid som er kjekkare enn anna arbeid - og dette er absolutt av ein slik type.

Henrik Irgens Gravdal (G15) har i den seinare tid gjort strålande løp på 1500 meter og 3000 meter. Men det var på 600 meter Henrik i si tid først markerte seg kraftig. Søndag sprang han glitrande på den distansen igjen. Han vann G16-klassen på 1:26,75, eit løp verdt heile 1045 poeng. Det er 1,8 sekund bak Håvard Hasås sin segnomsuste klubbrekord i G15 på 1:24,99 frå 2002.

Den store, vesle stavkjempen, Pål Haugen Lillefosse (G12), sprang søndag 60 meter hekk på 9,99. Det er verdt heile 1042 tyrvingpoeng. Det er også pynting på klubbrekorden. På 200 meter blei det 27,95 (970 poeng) på Pål og i lengde 4,62 (934 poeng). Så han er no brukande til eitt og anna utanom stavsprang også, Pål.

Kristoffer Blücher (G14) kom seg heilt ned til 1:30,16 på 600 meter (1021 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) pynta på eigen klubbrekord på 60 meter, frå 7,26 til 7,24 (1016 poeng). Amund hoppa også 1,75 i høgde (874 poeng).

Anna Evensen (J13) tangerte bestetida si på 60 meter hekk (10,02 - 1015 poeng). I lengde blei det 4,52 på Anna (899 poeng).

Renate Lie (J15) følgde glimrande opp sprintløpa sine frå lørdag. På 600 meter blei det 1:39,02 (987 poeng), ny klubbrekord med ni sekund.

Maren Haugen Lillefosse (J15) sprang 60 meter hekk på 9,20, som er åtte hundredelar bak Monika Benserud sin klubbrekord frå 2011. I lengde hoppa Maren 5,27 (981 poeng).

Så kan me gratulera Elina Drivenes (J16) med sin første klubbrekord i Gneist. Den kom med 1:41,19 på 600 meter (899 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) pynta på høgdepersen sin med éin viktig centimeter, frå 1,64 til 1,65. Dermed er Eirik over UM-kravet i høgde. Hoppet er verdt 895 tyrvingpoeng.

Herman Ellingsen (G11) hoppa 3,94 i lengde (878 poeng) og sprang 200 meter på 31,11 (837 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13), som først og fremst har vore feira for sine kast dei siste par sesongane, fekk søndag opp eit flott lengdesprang på 4,72 (874 poeng).

Sondre Rinde (G15) hoppa 5,49 i lengde (868 poeng), medan broder Håvard Rinde (G12) hoppa 4,27 i lengde (864 poeng).

Tobias Sedberg Garden (G10) hoppa 3,46 i lengde (862 poeng).

Aleksander Lie (G17) overtok klubbrekorden på 600 meter i årsklassen, då han sprang på 1:29,37 (860 poeng). Den gamle rekorden sette Anders Bjørndal i fjor, på 1:32,03.

Jens Larsen Åstveit (G16) spleisa sprintkvalitetane sine frå gammalt av med den nye uthaldenhetsstyrken sin og sprang ein habil 600 meter. Tid: 1:31,56 (855 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G12) hoppa 4,18 i lengde (846 poeng).

Silje Stenersen (J13) hoppa 4,26 i lengde (844 poeng).

Marianne Benserud (J18) sprang 60-meteren sin på 8,43 (870 poeng).

Charlotte Haris (også J13) hoppa 4,18 i lengde (827 poeng).

Espen Bjørndal (G13) hoppa 4,47 i lengde (824 poeng).

Sanne Myrmel (J14) debuterer i stadig nye friidrettsøvingar, denne gongen på 60 meter hekk. Tida blei 10,72 (806 poeng).


... Og no flatar det snart litt ut med innesesongen, sjølv om hoppstemnet på Ytrebygda skole naturlegvis gjenstår, i tillegg til det nesten like viktige inne-UM for dei på 15 år og oppover...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar