mandag 4. februar 2013

Gneist-dominansen held fram i 2013

Gneist har slutta å vera smålåten og stå med hua i handa, slik ein gjerne gjorde ei stund. Eg hugsa då eg var med til Tyrvinglekene første gongen for snart fem år sidan: Du verda så gjævt det var å trå inn på sjølvaste Nadderud Stadion, der Jo Nesse og - den gongen - Jon Gelius regjerte i speaker-teltet og respekten låg utanpå både oss foreldre og alt for mange av utøvarane.

No er det heilt slutt på den slags. No reiser Gneist ut og vinn ikkje berre enkeltøvingar, men klubbkonkurransar i Norges gjævaste barne- og ungdomsstemne: Romerikslekene og Tyrvinglekene og... Hyundai Indoor Games: Dei hedmarks-opplandske innandørsleikane, sponsa frå Korea.

Gneist vann like godt lagkonkurransen suverent!

Kristoffer Blücher (G14) har planar om å utfordra Hjalmar "Hjallis" Andersen sin påstand om at det ikkje går an å gå på "0". Denne gongen flytta han 200-persen (og hans suverene klubbrekord) ned til 24,31 (1041 poeng) - og det er enno berre midtvinters!

Så er Silje Stenersen (J13) i gang for sesongen: Ho sprang 1500 meter på 5:08,36 (979 poeng), ein svært grei start på baneåret for Silje.

Michelle Floor Heggeland (J14) var ei av fleire som betra seg på 200 meter denne søndagen. Det blei 28,50 på Michelle (890 poeng).

Så fekk me to framifrå hopp-resultat: Etter eit tungt høgde-år i 2012 slo endeleg Espen Bjørndal (G13) til igjen i øvinga, med 2. plass og 1,44 (881 poeng) - to centimeter frå siger på Stange. Flott, Espen!

Og stav-kometen Sanne Myrmel (J14) persa med nye 17 centimeter og dermed har ho flytta persen godt over halvmeteren sidan debuten tidlegare i vinter. Ny pers: 2,50 (880 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) betra seg også på 200 meter: 28,68 blei tida til Nora (876 poeng).

Og Anna Evensen (J13) slo også ho til på 200 meter - 29,38 og 868 poeng.

Thomas Blücher (G13) leverte to habile løp, med 5:05,47 på 1500 meter (807 poeng) og 28,35 (800 poeng) på 200 meter.

Ikkje plass i statistikken, dessverre, men likevel: Gjert Høie Sjursen (G13) vann snøballkasting med 40,35...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar