Medan nokre av oss gjekk av hengslene då Henrik Ingebrigtsen blei europameister på 1500 meter i Helsingfors, så er dei tradisjonsrike Sparebankleikane blitt avvikla i Byrkjelo denne helga - heilt utan den tradisjonsrike kretskampen mellom Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Det siste betyr at 13- og 14- åringane må venta til NCC-leikane på Osterøy for sin kappestrid.
Utan kretskamp var det også monaleg færre deltakarar denne gongen - både totalt og i Gneist-fargar. Gneist blei representert av brørne Magnus (G16) og Eirik Leikvoll (G14).
Det blei i alle fall fleire sesongbeste på gutane: Eirik hoppa 2,90 i stav (895 poeng) og 4,64 i lengde (778 poeng), medan Magnus fekk opp 5,06 i lengde (732 poeng) og sprang 12,93 på 100 meter (790 poeng).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar