torsdag 19. juli 2012

Før junior-NM - II

Me held fram med to U20-øvinga for jentene først i dag: I tresteg er det - til liks med i lengdekonkurransen - Monika Benserud som er BFG-representanten. Og på same viset som i lengde er Monika på førehand å rekna i medaljekampen. Tresteg-konkurransen har 17 påmelde utøvarar og Monika har 3. lengste svevet av desse i år. Likevel er det slik at i lengde, der ho altså har 4. beste hoppet på førehand, er ho nærmare dei beste enn i tresteg. Begge dei med lengst hopp i år har over 12 meter - Monika har 11,71 frå Gøteborg nyleg. Spennande blir det i alle fall. Tresteg går av stabelen neste lørdag - med kvalifisering på føremiddagen og finale på ettermiddagen.

Medaljesjansen er også god i 1000 meter stafett i U20-klassen. Her er åtte lag påmelde og BFG stiller eit godt lag. Dei andre som er meldt på er Fredrikstad, Ullensaker/Kisa, Runar, Asker, Tyrving (x 2) og Kristiansand. Her ser Kristiansand ut til å vera det sterkaste laget. Stafetten går heilt mot slutten av meisterskapet, neste søndag.

Til sist i denne runden; ein svippom innom den eldste klassen for gutar, U23, der Jørgen Austvik stiller på 1500 meter. Jørgen, som testa formen med 2:04 på 800 meter på Osterøy ondagskvelden, sprang på fine 4:05,08 i Gøteborg. Men i dette feltet er det mange sterke løparar. Best av dei påmelde er naturlegvis europameister og norgesrekordhaldar Henrik Ingebrigsten. Kor vidt han faktisk deltar, berre seks dagar før OL, er eit anna spørsmål. Andre sterke namn er Thomas Solberg Eide, Thomas Roth, Johannes Alnes,  og Vetle Asland. I utgangspunktet er det forsøk fredag og finale lørdag, men her vil eg tru det blir direkte finale. Her er nemleg 15 påmelde utøvarar. Jørgen er rangert på 12. plass mellom desse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar