lørdag 28. juli 2012

Gull i Blåfjell

Vikersund: Ok, eg må vedgå det: I dag har eg ikkje vore på junior-NM i Sigdal. Eg har vore litt i London (via tv), eg har vore mykje på Blaafarveværket her i Modum og så til sist, i kveld, har eg vore på lang springetur i dei flotte Furumo-løypene ved Modum Idrettspark på Geithus (der dei har skøytebane, flott friidrettsbane, symjehall og altså eit flott nett av glitrande springeløyper).

Eg kan skulda på mykje, men det enklaste er å skulda på veret: Det slo til med kraftig regn i føremiddag, over i litt meir "vanleg" regn i ettermiddag. Men no er det ferdig: No skin det over og gjer klart for ei like flott avslutning av meisterskapet som det tok til fredag: Det blir meldt om opp til 24 grader og kraftig sol og slikt.

Men: Via nett-tv fekk eg sjå GULL til Monika Benserud, som også betra seg med ein heil centimeter i tresteg - til 11,72 (982 poeng), eg fekk sjå GULL til Martine Eikemo Borge på 400 meter i U23, sjølv om det blei svært så spennande og tett mellom dei tre som hamna på pallen - og eg fekk sjå BRONSE til Vilde Lund Bjørnsen på 400 meter i U20.

No skal eg ingen slå billege vitsar på at det hjelpte på medaljefangsten at eg ikkje var til stades.

I staden legg eg til at Jørgen Austvik sprang ein habil 1500 meter i U23, kom i mål på 4:03,23, som er beste 1500-meteren i BFG Fana så langt i 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar