tirsdag 10. juli 2012

3G i Sverige (dag 3): Grådig greitt i Gøteborg

Så er det över her i Göteborg. Opphaldet blei innleia med eit kraftig regnskyll fredagen, men sjølve dei tre idrettsdagane blei velsigna med eit nesten normalt VUspel-ver.

Generelt er det på sin plass å slå fast at Bloggen slik normalt ikkje er så systematisk på medaljar og premiar og slikt. Det ansvaret ligg til vanleg hos dei meir offisielle nettsidene til idrettslaga. Her blir det fokus på forbetringar og litt rekordar og slikt. Så Bloggen er ikkje nokon motstandar av medaljar, det kan berre sjå slik ut av og til.

Men så til siste dag:

Ok, medaljesankaren framfor nokon blei uansett Kristoffer Blücher (G13). Han blei ein av to gull-vinnarar frå Gneist i årets spel. Sigeren kom på 600 meter, der tida blei 1:32,31. Det er betring med fire tidelar frå det flotte løpet under opningsstemnet til Fanalekene i april. Løpet er verdt 1056 poeng og er betring av Kristoffer sin klubbrekord.

Monika Benserud (J16) betra lengdepersen med to centimeter - til 5,62 (1031 poeng). (Vinden var elles på Monika si side i helga, med +1,8 i tresteg og +1,6 i lengde.)

Det aller siste som skjedde i årets spel var heat 2 på seniorane sin 5000 meter. Det heatet blei vunne av Ole Martin Røssland (G17). Han kom i mål på 15:35,93, som er pers med 27 sekund og verdt 1021 tyrvingpoeng.

Søster Anna Serine Røssland (J15) klatra eitt hakk oppover på lista frå fjorået på 1500 meter hinder i klasse Flickor 17 (6. plass). Tida blei 5:30,79, som er pers med 5,5 sekund frå Framolekene i år. Det er også verdt 996 tyrvingpoeng og betring av eigen klubbrekord.

Den andre gullvinnaren til Gneist i årets VU-spel blei Jørgen Jensen Axelsen (G19), som i eit klokt gjennomført 5000-løp kom i mål på 15:31,90 - pers med 15 sekund (967 poeng).

Thomas Blücher (G12) persa fint på 600 meter til 1:45,62 (827 poeng).

Det blei eit nytt fint løp for Ingrid Næss Johansen (J15), då ho kom i mål på 2:30,89 på 800 meter. Det er årsbeste (814 poeng).

Sondre Rinde (G14) hadde litt for mykje vind i sitt lengdehopp på 5,43 (+2,3) - to centimeter over persen.

Amund Høie Sjursen (G16) vann bronse i lengde på 6,51. Det er tangering av pers, men det er verdt å merka seg at det mandag skjedde i minus ein sekundmeter, medan det sist (Framolekene i juni) blei oppnådd i to sekundmeter i pluss.

Heilt til slutt: Håvard Rinde (G11) var med og slengde - ja, eg veit det ikkje heiter det - kula i G12. Det betyr at det var 3 kilos-kule i plassen for 2 denne gongen for Håvard. Lengde: 7,05.

... Og med mindre ein av rockens bestemødre eller dinosaurar kjem til Nya Ullevi neste sommar og forkludrar det heile, så er Världsungdomsspelen 2013 alt anonsert til helga 28. - 30. juni...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar