onsdag 18. juli 2012

Før junior-NM - I

Påmeldingsfristen til neste helgs junior-NM i Buskerud-bygda Sigdal gjekk ut i går. Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, men det ser ut til å bli eit kvalitativt godt stemne, dette. BFG sender til saman 18 utøvarar bortover. 29 utøvarar var kvalifiserte, så her er eit aldri så lite bortfall.

Av dei 18 er det 12 jenter og 6 gutar - og to av dei 18 deltar i U23, altså i "ekstraklassen" for dei som er 20, 21 eller 22 år. Dei andre deltar i "vanleg juniorklasse", 15-19 år.

I dag kikkar eg nærmare på lengde, høgde og 100 meter for jenter, U20:

I lengde for jenter er Monika Benserud BFG sin representant. Som i svært mange øvingar er det mange gode utøvarar med - til saman 25 - og det er særs tett mellom dei beste. Monika betra seg til 5,62 i Göteborg nyleg, noko som faktisk er 4. best av årsbeste på førehand. Første naturlege mål bør såleis vera å nå finalen for Monika, men det er svært kort opp til dei som er topp tre på førehand! Kvalifiseringa går føre seg neste fredag føremiddag, med finale på ettermiddagen.

I høgde er det særs gledeleg å sjå at BFG er representert denne gongen, mellom dei til saman 13 påmelde. Der finn me 1. årsjunioren Eline Myking. Eline er kvalifisert gjennom ein god 1500 meter i inne-UM i vinter, men har også lenge vore ein habil høgdehoppar. Ho er rangert på delt 12. plass på førehand, med sine 1,50. Høgde i denne klassen har kvalifisering lørdag føremiddag, med finale avslutningsdagen, neste søndag.

100 meter for jenter, U20, har BFG heile fire utøvarar med, mellom dei totalt 39 påmelde. Her er det også særs tett mellom årsbeste-tidene. Dei fire frå BFG er alle i outsider-sjiktet til finaleplass, men realistisk sett skal me vera særs godt nøgde om me får ei eller to med i det gjævaste heatet neste fredag ettermiddag (kvalifiseringa går føre seg fredag føremiddag). Monika Benserud og Christine Bjelland Jensen har lik årsbeste (12,46), noko som rangerer dei på delt 10. plass på førehand. Vilde Lund Bjørnsen er nr. 18 på førehand med 12,69 og Elise Una Mikkelsen like bak der, på 20. plass, med 12,74.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar