mandag 23. juli 2012

Før junior-NM - VI

Heldigvis er det ikkje slik at Martine Eikemo Borge spring alle løpa sine i junior-NM same dagen, men det er ikkje noko hinder for å gå gjennom dei i same blogg-innlegget:

Martine, som er BFGs største medaljehåp, startar med 400 meter forsøk i U23 (semifinale i praksis) fredag føremiddag. Her er det 16 påmeldt og Martine har bestetida i år, med 54,05. Klart sterkast imot blir Line Kloster frå Vidar (54,14). Også Tara Norum frå Steinkjer har under 55.

800 meter skal det vera direkte finale søndag føremiddag, sidan det berre er 8 påmelde utøvarar i denne eldste juniorklassen. Her har til gjengjeld Martine eit større favorittstempel enn på 400 meter. Med sine 2:06,54 utomhus i år er ho to sekund raskare enn nr. to på lista. På den andre sida har utfordrar Trine Mjåland frå Kristiansand hatt stor framgang denne sesongen.

Også på 1000 meter stafett i U23 er det særs gode medaljesjansar. Her må Martine ha selskap av U20-utøvarar på laget, men det er framleis eit sterkt lag. Samtidig er det slik at dei to stafettane - U20 og U23 - er sett opp like etter kvarandre i programmet, så korleis dette blir løyst, er bloggaren i skrivande stund usikker på. Vidar, med nemnde Line Kloster på 400 meter-etappen, blir nok sterk utfordrar. Dei andre laga her er Moelven, Tjalve og Ranheim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar