lørdag 21. juli 2012

Før junior-NM - IV

Det store målet for Jørgen Jensen Axelsen under årets junior-NM er utvilsamt 5000-meteren på fredag, men Jørgen er også påmeldt 2000 meter hinder i U20 neste søndag, avslutningsdagen. 11 utøvarar er påmeldt og Erik Udø Pedersen (Holum) og junior-VM- deltakar Filip Ingebrigtsen (Sandnes) er to av fleire sterke namn. Jørgen spring ikkje hinder svært ofte, men i fjor hadde han i alle fall eitt godt hinderløp under Framolekene. Det er litt vanskeleg å rangera heile feltet, ikkje minst basert på tynt hindergrunnlag, men Jørgen er ein plass frå 4. - 6. på førehand.

I stav for jenter, U20, er Marianne Benserud vår representant. Marianne blei faktisk juniormeister alt som 15-åring, på Ravnanger i 2010. I fjor gjekk det ikkje fullt så godt, men i år bør Marianne vera tilbake på pallen igjen. Det er berre fem påmeldt øvinga i år, der Paula Llano frå Gular og Julie Farseth Berg frå BUL i utgangspunktet skal gjera opp om sigeren, med Marianne like bak der.

Så, til sist i dag, til dei jentene som skal aller først i elden, nemleg 1500 meter-løparane. Dei startar med sine forsøksheat fredag føremiddag. Mellom dei 26 påmelde er heile fire 1. årsjuniorar frå BFG. Her skal det haustast verdfull erfaring til seinare høve, for det er ei sterk startliste og det blir tilsvarande to gode forsøksheat. Aller sterkast er VM-deltakar Frida Berge frå Gular (ho persa til 4:18 i Barcelona nyleg), med Tyrving-jentene Aurora Dybedokken og Karoline Skatteboe nærmast. Våre fire - Ingrid Næss Johansen, Ingrid Helene Nyhus, Anna Serine Røssland og Eline Myking - har alle bestetider mellom 5:04 og 5:08 og er rangert frå 21 og nedover, men her skal det i alle fall jaktast på gode tider og god trening i å springa forsøksheat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar