lørdag 7. juli 2012

3G i Sverige (dag 1): Godt - Gneist - Gøteborg

Världsungdomsspelen i Göteborg opna for mange av oss på våtaste viset, då me kom til byen fredag ettermiddag og kveld. Men så viste det seg at svenskane gav oss det verste først: Lørdagen baud på til dels flotte friidrettsforhold - overskya, om lag 20 grader og ikkje for mykje vind - og søndagen og mandagen skal også bli frå levelege til fine vermessig.

Også idrettsleg blei dag 1 i Gøteborg fin:

Vilde Lund Bjørnsen (J16) avslutta Gneist-dagen, då ho sprang 400 meter i Flickor 17. Det gjorde ho på solid vis; sprang på 57,91 (18/100 bak persen frå i fjor). Det gav 1033 tyrvingpoeng og er fattige fire hundredelar bak Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord på distansen.

Så var det særs hyggeleg at Sondre Rinde (G14) presterte godt på sin 100 meter. Først fekk han til eit meir enn habilt løp i forsøket, før Sondre slo til med 12,31 i A-finalen. Det gir 1006 tyrvingpoeng og er betring av eigen klubbrekord.

Ettermiddagen på Nya Ullevi blei ei svært hyggeleg stund for Team Fjærestad/Eikanger i BFG: Dei aller fleste utøvarane i mellom- og langdistansegjengen deira, som stilte til start her i Gøteborg, persa på 1500 meter. Ein av dei var Andreas Iden (G17), som sprang sin beste 1500 meter på to år og persa til fine 4:09,46. Dermed har Andreas brote 9:00-grensa på 3000 meter og 4:10-grensa på 1500 på kort tid. Løpet var verdt 975 poeng.

Jørgen Jensen Axelsen (G19) var ein av dei få som ikkje persa, men han sprang likevel sin nest-beste 1500 meter i karrieren (også den beste er frå Sverige; Stockholm i august i fjor) midt i ein ganske tung treningsperiode. Det lovar godt. Jørgen sin nye sesongbeste på distansen er på 4:07,16 (949 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) sprang sitt første "skikkelege" løp på to månader, då han relativt smertefri (i kneet) persa til 4:15,83 på 1500 meter (931 poeng). Og det stoppa ikkje der: Stian Norheim (G16) smadra sin 1500 meter-pers; frå 4:33 til 4:27,69 (890 poeng), medan Anna Serine Røssland (J15), ved dette høvet for første gong i seniorklassen på eit baneløp, pynta pittelitt på sin pers, til 5:08,18 (866 poeng). (I tillegg var det fleire av BFG-gutane som fekk solide nye 1500-persar.)

Men også andre gjorde det godt: Marianne Benserud (J17) pynta på sinn 100 meter-pers; til 13,53 (851 poeng). 

Anna Evensen (J12) oppnådde 11,95 på 80 meter tidleg på morgonkvisten (821 poeng).

Og Thomas Blücher (G12) sprang sin 80 meter på 11,80 - pers med over halvsekundet, til ein verdi av 802 tyrvingpoeng.

No skal litt regn vaska litt på Gøteborg, før me er klare til å ta imot sola søndag. Då startar dagen med morgonfriske hekkeløparar og hopparar og endar med langdistanseløparar på 3000 og 2000 meter på tidleg kveldstid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar