torsdag 26. april 2012

Fri-dominans

Fri-stafetten blei - ifølgje rapportane - ei ny massemønstring onsdagskvelden på Espeland.

Gneist dominerte fullstendig stafettane for barn og ungdom og vann alle dei fire variantane:

I J11-14 blei det fjerde sigeren på rad, i G11-14 det same. I Mix11-14 har Gneist vunne dei fem siste åra. I Mix11-17 har ikkje Gneist vore fullt så dominerande; her er det "berre" dei to siste åra det er blitt siger. Men alt i alt viser Fri-stafetten at Gneist dominerer i topp og breidde på løpssida.

Mest suverene var gutelaget, som var 49 sekund framfor Fana. Miks 11-14 var 33 sekund framfor Kalandseid, Miks 11-17 slo Norna-Salhus med 11 sekund, medan sigeren i jenteklassen denne gongen var ganske knepen framfor eit Bergens Turrn- lag i framgang. Differensen blei på knappe fire sekund til slutt.

For BFG-laga er det stabilt eller ein liten framgang, dersom ein ser på plasseringane:

Menn senior (B) vann klasen sin, for første gongen sidan 2008. Dei måtte likevel finna seg i å bli slegne av junior-laget med fem sekund. Juniorane tok 3. plass i stafetten, det same som i 2011.

Kvinner senior blei nr. 2, det same som i 2010 og 2009. (I 2011 klarte ikkje BFG å stilla kvinnelag.) Kvinner junior-laget tok også 2. plass - og det er beste plassering sidan juniorlaget vann i 2009. Junior-laget var også knepent - 1,6 sekund - bak Norna-Salhus.

Kvinner senior-laget kom 19 sekund bak Gular. Menn junior kom 17 sekund bak vinnar Gular og 14 sekund bak toar Osterøy, medan senior B-laget slo Osterøy med 39 sekund  og Varegg med eitt minutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar