søndag 8. april 2012

Før UM/NM i terrengløp: jentene

Dei to klassane for jenter/kvinner med lokal deltaking er, som dei fleste andre klassane i Strandebarm komande helg, sparsame med omsyn til deltaking.

I seniorklassen for kvinner er det 10 deltakarar. Her er ikkje nedgangen (frå 14) så stor frå i fjor, men av dei 14 som var med i fjor, er det berre to som også stiller i Strandebarm. Det er særs overraskande. Dei to er fjorårs-toaren Ingeborg Kristine Lind frå Gular og veteranen frå Skjalg, med røter i Kvinnherad, Vigdis Bringedal Holst (4 i fjor). I 2011 var det BFG som sikra gullet i seniorklassen, ved Kirsten Marathon Melkevik, men Melkevik - også ho med røter i Kvinnherad, naturlegvis - representerer no Gular og er heller ikkje på startstreken i Strandebarm. Dermed er det Pernille Thomassen som er BFG-representanten i dette feltet. Ho er kapabel til å kjempa tett på medalje, medan nemnde Ingeborg Lind frå Gular og Hilde Aasheim frå Osterøy er favorittane.

Det vil - som i seniorklassen for kvinner, altså - i fleire klassar minna meir om eit kretsmeisterskap for Hordaland dette NM/UM-et i terrengløp, kort løype. Det er i alle fall tilfelle i den andre jenteklassen med lokal representasjon, nemleg jenter 15. Her er det berre fem deltakarar, alle er frå Hordaland og tre av dei fem er frå IL Gneist!

Favoritt i klassen må likevel bli Varegg-kometen Christina Ellefsen Hopland. Ho er mest kjent frå vinterens karusell frå Fana Stadion, der ho presterte følgjande serie på 5km: 20:37 - 20:07 - 19:43 - 19:39 - 19:46 - 19:11 - 19:05. Prestasjonen er særs imponerande. Me er naturlegvis usikre på korleis ho målar seg mot habile løparar frå Gneist på ein 2km, som løpet i Strandebarm er på. Her har vinteren vist at det er rimeleg å rangera jentene slik: Ingrid Helene Nyhus, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland. Femte jente i klassen er Guro Fjose frå Voss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar