torsdag 12. april 2012

Lys framtid

Det er ikkje til å legga skjul på det har vore litt bekymring over BFG Fanas breidde og nivå dei siste åra. Ja da, det har vore nokre toppar, men det har ikkje vore mange av dei.

Difor er det ekstra viktig å fokusera på at framtida er uvanleg lys i klubben!

Eg har sett på landsstatistikken, senior, ute i 2011 og inne i 2011/2012 og funne følgjande:

BFG har her til saman 52 utøvarar (frårekna utøvarar som i dag konkurrerer for annan klubb). Det er jo bra i seg sjølv, men viktigare i denne samanhengen: Dei aller fleste er berre ungdommar:


77 % av dei til saman 35 kvinnene (jentene) er 19 år eller yngre.

Og talet for menn (gutar) er forbausande likt: 76 %!

Og det er ganske mange tidleg i 20-åra av dei som ikkje er tenåringar også. (91 % av kvinnene er såleis 26 år eller yngre.)

Den yngste som finst på seniorstatistikken for kvinner er 12 år! (Silje Stenersen, Gneist), medan yngstemann for gutane er 13 (Eirik Leikvoll, Gneist).

Det alderstrinnet det er flest på for kvinner/jenter, er 17 år (8 utøvarar), medan det er 3 utøvarar som er 18 og 3 som er 19 år for menn/gutar.

Og tru ikkje at her er "listefyll": Dei aller fleste av desse ungdommane markerer seg sterkt i mange, mange øvingar.

Nedanfor finst heile oversikten. Den tar sitt utgangspunkt i utøvarane sin faktiske alder i dag - for det er framover me må sjå. (Og to av dei fyller like så godt høvesvis 16 år og 17 år nett i dag, 12. april, og begge heiter Vilde...)


Kvinner

41 år
2
30 år
1
26 år
1
24 år
2
22 år
1
20 år
1
19 år
1
18 år
1
17 år
8
16 år
5
15 år
6
14 år
4
13 år
1
12 år
1

Menn

39 år
1
32 år
1
25 år
1
20 år
1
19 år
3
18 år
3
17 år
2
16 år
2
15 år
2
13 år
1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar