lørdag 28. april 2012

Storeslem i maraton

BFG Fana tok seg av det aller meste under Bergen City Marathon, 1. bolken:

Frode Johansen vanna altså maraton for menn, Miguel Blanco halvmaraton for menn og Robet Hisdal var heilt suveren i det sokalla Thon-løpet over 3km. Han var 1 minutt og 52 sekund framfor andremann - over altså berre 3 kilometer...

Det siste fortel både om eit flott løp for Robert og om at deltakinga på denne 3-kilometeren ikkje var all verda. Tida til Robert var elles på 9.58.

Eline Bruce tok ein flott 4. plass på Thon-løpet for kvinner med 14.35.

Litt meir systematisk oppfølging av BFG (og omland)-løparane:

Edna Leikvoll
- sprang maraton på 3.43.11. Det gav 52. plass totalt, 4. plass mellom alle kvinner og siger i klasse K50-54.

Frode Johansen
- sprang maraton på 3.01.09. Det gav altså 2. plass totalt, siger mellom mennene og følgjeleg også klassesiger i M40-44.

Willy Hamre
- sprang ein flott maraton på 3.33.14. Det gav 35. plass totalt, 33. plass for alle menn og 3. plass i klasse M55-59.

Bente Aarbakke Oestreich
- sprang halvmaraton på 1.57.40. Det blei 446. plass totalt, 113. plass mellom kvinnene og 2. plass i K60-64.

Marlen Røssland
- sprang halvmaraton på 1.48.58. Det gav 281. plass totalt, 44. plass mellom alle kvinner og 4. plass i K45-49.

Miguel Blanco
- sprang halvmaraton på sterke 1.11.44. Det gav siger totalt, for menn og naturlegvis i K25-29.

Tom Barth
- sprang halvmaraton på 2.01.29. Det blei 507. plass totalt, 362. plass for menn og 10. plass i klasse M60-64.

Robert Hisdal
- vann altså Thon-løpet (3km) på 9.58. Han høyrer elles til i klasse M30-34.

Håvard Austevoll
- sprang ein sterk maraton på 3.27.50. Det blei 22. plass totalt, 20. plass for alle menn og siger i M15-19.

Bjarte Eikanger
- fekk også til ein solid halvmaraton: 1.14.31. Det blei 4. plass totalt (og for menn) og siger i M40-44.

Torgeir Hasås
- sprang halvmaraton på 1.22.23. Det gav 9. plass totalt (og for menn) og 3. plass i M25-29.

Bjørn Tore Kronen Taranger
- fekk slutt-tida 1.26.21 på halvmaraton. Med det blei han 28. mann totalt,. 27. for menn og nr. 3 i M30-34.

Eline Bruce
- sprang på 14.35 i Thon-løpet (3km). Det gav 18. plass totalt, 4. plass mellom kvinnene og 2. plass  i K15-19.

Per Gunnar Alfheim
- fekk 3.41.37 på maraton, som gav 48. plass totalt, 45. mellom mennene og 3. plass i M50-54.

**

Og så finst det kanskje nokre til der...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar