Martine Eikemo Borge (22) er BFG Fana sin største baneprofil på seniornivå. Ho spring stort sett om natta, for tida, sidan ho held til, studerer og spring i USA (Arkansas). Ho har hatt ein serie særs gode resultat i innesesongen "over there" og er no i gang også utomhus.
Påskeafta sprang ho 800 meter i Palo Alto, California. Det gjorde ho på 2:07,76 - som er ny personleg rekord utandørs. Resultatet var elles nok til ein 13. plass i eit svært sterkt selskap; heile 75 utøvarar stilte på distansen.
Me noterer oss at klubbrekorden på distansen i BFG Fana tilhøyrer Utviklingsansvarleg i Norges Friidrettsforbund, Veslemøy Hausken, og er på 2:05:64 - heilt klart innan rekkevidde for Martine i 2012.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar