lørdag 28. april 2012

Våryr start

Om ungdommane sprang for å halda varmen eller om dei berre er i kanonform tidleg, ja det er vanskeleg å seia, men det rann inn med rekordløp og rekordresultat første dag av Fanalekene.

Her er ei oppsummering, frå statistikkhald:

Renate Lie (J14) slo til med ein gnistrande 600 meter på 1:38,83, som gir 1028 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord.

Ny klubbrekord blei det også på Henrik Irgens Gravdal (G14) på 600 meter. Han sprang på 1:30,47 og sletta dermed Aleksander Lie sin to år gamle rekord på 1:30,83.

Til gjengjeld mista Henrik klubbrekorden på 600 meter i G13 til Kristoffer Blücher, som kom seg heilt ned på 1:32,74 og plukka med seg heile 1045 tyrvingpoeng så tidleg i sesongen. (Henrik hadde 1:33,95 i fjor.)

Sondre Rinde (G14) hadde eit par solide prestasjonar: 12,56 på 100 meter gir 964 poeng. Det er også fattige 4/100 bak Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. I tillegg sveva Sondre til heile 5,41 i lengde (932 poeng), som er fire centimeter bak UM-kravet for 15-åringar. 

Eirik Leikvoll (G14) hoppa heile 1,64 i høgde (944 poeng). Også Eirik er nær klubbrekorden her; 1,68 har Torstein Onarheim frå 1998.

Monika Benserud (J16) sprang 100 meter på 13,00 (960 tyrvingpoeng; rettnok er det ikkje vind på distansen på dei resultatlistene eg har så langt, men det var vel knapt løp som hadde for mykje vind i dag, vil eg tru.)

Anna Evensen (J12) sprang 60 meter hekk på 10,70 (962 poeng) og hoppa 4,29 i lengde (913 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa heile 1,36 i høgde (986 poeng) og fekk opp 4,24 i lengde (938 poeng). I tillegg blei det 11,06 på 60 meter hekk (888 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 600 meter på 1:27,85 (951 poeng), som er solid ny pers og berre 16/100 bak Mats Benserud sin klubbrekord.

Amund Høie Sjursen (G16) hoppa 6,11 i lengde (942 poeng). Amund smaug seg dessutan under 12,00 på 100 meter; 11.99 (950 tyrvingpoeng).

Håvard Rinde (G11) hoppa 1,28 i høgde (930 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) hoppa 3,99 i lengde (888 poeng).

Me noterer oss 12,68 på 100 meter (førebels utan vind) på Emil Engelsen Holm (G15), noko som gir 875 poeng.

Maren Haugen Lillefosse (J14) hoppa 4,80 i lengde (905 poeng) og sprang 100 meter på 13,92 (868 poeng).

Silje Stenersen (J12) sprang 600 meteren sin på 1:49,21 (898 poeng) - og har dermed sagt farvel til 1:50-talet... Ho hoppa dessutan 3,89 i lengde (829 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) sprang 600 meter på 1:33,89 (859 poeng).

Cathrine Harris (J14) hoppa 4,56 i lengde (855 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J13) hoppa 1,28 i høgde (820 poeng).

Anders Bjørndal (G17) pynta på klubbrekorden sin på 600 meter, med 1:32.03 (3/100 betre enn Anders sprang på inne i vinter).

Ingrid Næss Johansen (G15) sprang 600 meter på 1:48,65, som er betring av eigen klubbrekord.

... Ein strålande start på banesesongen!...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar