lørdag 7. april 2012

Nedtur i Strandebarm

Strandebarm, kor og kva er no det?

Jo, det ligg i Kvam herad (det heiter "herad" og ikkje "kommune" i dei traktene) og er ei svært så ven bygd ved Hardangerfjorden.

I denne bygda har ein også eit uhyre entusiastisk friidrettsmiljø, som har klart å spa fram eit vakkert friidrettsanlegg, med fjord i nær bakgrunn og fonn i litt lengre bakgrunnsperspektiv.

Helga etter påske har eldsjelene i Strandebarm teke på seg NM/UM i terrengløp, kort løype. Det står det respekt av - det er ikkje mange år sidan dei skipa til NM/UM i banestafettar.

Men no, når påmeldingsfristen til terrengløpsmeisterskapet er ute, så viser det seg at svært mange der ute i landet ikkje klarer å finna vegen til vene Strandebarm: Det er ein slåande stor nedgang i talet på påmelde. Ja, i J17, til dømes, er det så gale at deltakartalet er nede i 2! (Rettnok er begge to av svært god kvalitet, men det er eit anna poeng.) Nedgangen i prosent i klassen er på heile 75 prosent!

Nedgangen er stor over heile linja, som oversikten nedanfor viser. Minst er den i seniorklassen. Det kan gjerne ha å gjera med at seniorane også har stafett-meisterskap søndagen. Ein idé ville truleg vore å skipa til junior-stafett 15-19 år også søndagen, for å gjera tiltaket med å reisa på tur mindre for fleire. Kven veit...

Vermeldingane er gode, bygda er fin, arrangøren er dugande. Her er det mange som bør angra seg.

Vurderingar av våre lokale heltar sine sjansar kjem, men her er altså oversikten over påmelde:


PÅMELDE, NM/UM TERRENGLØP (kort løype)

2011
2012
Endring
i %
J15
15
5
-10
- 66 %
J16
15
7
-8
- 53 %
J17
8
2
-6
- 75 %
J18/19
14
6
-8
 - 57 %
KS
14
10
-4
- 28 %





G15
18
8
-10
- 55 %
G16
20
13
-7
- 35 %
G17
21
10
-11
- 52 %
G18/19
36
18
-18
- 50 %
MS
65
44
-21
- 32 %

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar