mandag 30. april 2012

Fanaleikar til ti tusen

Aah, friidrettsstemne i solsteik - i april!... Dette (håpar me) lovar godt for 2012-sesongen. Årets Fanaleikar - som no altså er blitt eit vår- og opningsfenomen i staden for haust- og avslutningssak - blei eit svært vellykka stemne. Det blei arrangert på framifrå vis og spesielt søndagen var vergudane i strålande humør.

Det manglar ein del vind i resultatlistene enno, men det kjem. Og me legg til grunn at løpa er godkjent.

Og her er mykje å henta fram også frå søndagen:
.
Kristoffer Blücher (G13) held fram si ville ferd; på 200 meter blei det 25,68 og 1027 poeng. Det er også ny klubbrekord.

Sondre Rinde (G14) kvalifiserte seg til UM på Lillehammer i 2013 då han sprang 200 meter på 25,26 (960 poeng). Det er også 1/100 bak Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. Sondre sette i staden klubbrekord på 80 meter, der han sprang på 10,40 og sletta Emil Engelsen Holm sin rekord, sett i fjoråret. Den andre UM-øvinga på Lillehammer neste år kvalifiserte Sondre seg til i tresteg. Der blei det 11,19 (919 poeng). Sondre er 11. Gneist-utøvaren som alt er klart for UM i 2013.


Amund Høie Sjursen (G16) hoppa 12,88 i tresteg (958 poeng) og sette klubbrekord på 80 meter, med 9,76 (964 poeng). Rekord i denne årsklassen, G16, blei det også på Magnus Leikvoll, då han støtte kula 10,68.


Anna Evensen (J12) hoppa heile 9,43 i tresteg (993 poeng).

Det blei svært tett mellom Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på 80 meter i J16. Det blei høvesvis 10,45 på Monika og 10,46 på Vilde (979 og 976 poeng). Og det blei også klubbrekord for Monika.

Først på dagen blei det også sett to nye klubbrekordar i Gneist, forutan ein i BFG Fana, då ein seksmanns-gjeng sprang 10.000 meter i menn senior: Ole Martin Røssland (G17) sette klubbrekord i Gneist og i JR-20 i BFG med 33:06,61. (Det gir ikkje tyrvingpoeng for 17-åringar, men det tilsvarer 996 poeng for 18-åringar). Andreas Iden (G17) debuterte også på 10.000 meter og fekk tida 33:24.10. Klubbrekord blei det også på Stian Norheim (G16), med 36:52,60, i sin mil-debut på bane.


Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa 8,90 i tresteg (970 poeng) og sprang 80 meter på 12,11 (876 poeng).

Renate Lie (J14) sprang 200 meter på 27,94 (934 poeng), noko som er under UM-kravet for 15-åringar (2013).

Eit nytt UM-krav kom også Cathrine Harris (J14) under, då ho hoppa 10 meter akkurat i tresteg (920 poeng).


Hans-Magnus Haukøy (G11) svevde til 8,46 i tresteg (926 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) presterte beste kastresultatet i Gneist så langt i 2012, då han støtte kula til 10,03 (923 poeng). Det er også fattige 8cm bak Tom B. Haaland sin klubbrekord frå 1979...

Aleksander Lie (G16) sprang 200 meter på 25,07 (866 poeng).


Herman Hovland (G13) sprang 80 meter på 11,14 (837 poeng).

Charlotte Harris (J12) støtte kula til 7,72 (824 poeng). Ho fekk også opp eit hopp på 7,69 i tresteg (819 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang 200 meter på 26,93 (818 poeng).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar