mandag 9. april 2012

Før UM/NM i terrengløp: gutane

Seniorklassen for menn er den største klassen under helgas NM/UM i terrengløp i Strandebarm. Det er 44 påmelde - og her er mange gode. Våre eigne utøvarar er Jørgen Austvik og Bjarte Eikanger, men dei kjem nok ikkje til å kjempa på øvste halvdel i det sterke feltet. Her er i alle fall fem sterke løparar å nemna mellom favorittane: Morten Velde (Haugesund), Henrik Ingebrigtsen (Sandnes), Hans-Kristian Fløystad (Tjalve), Johannes Alnes (Bækkelaget), Alem Adhanom (Tjalve) - utan at denne lista på nokon måte er uttømmande.

I klassen for Gutar 18/19 er deltakartalet på 18 (akkurat halvert frå i fjor). Fire av dei representerer lokale klubbar: Jørgen Jensen Axelsen og Magnus Pettersen Lunde frå Gneist og Anders Strømblad Hansen og Erlend Gjerdevik Sørtveit frå Fana. Her er det Jørgen Jensen Axelsen som vil vera kandidat til å kjempa mellom dei beste. Favoritt er Filip Ingebrigtsen frå Sandnes, med Erik Udø Pedersen (Holum) og Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund) som andre sterke kort. Jørgen Jensen Axelsen er outsider til medaljekampen.

Dei ti gutane i Gutar 17 har også eit sterkt lokalt preg: Heile seks av dei ti er frå Hordaland, to av dei er frå Gneist; Andreas Iden og Ole Martin Røssland. Klar favoritt her er fjorårs-toar Kristian Tjørnhom frå Kvinesdal, med Vebjørn Ljones Karlsen (Skjalg) som outsider. Både Andreas og Ole Martin er medaljekandidatar, men både Stian Bekkevoll (Kristiansand; vinnar i lang løype i Trondheim i fjor) og duoen Jørgen Tvedt og Thomas Ryngøye frå Norna-Salhus må reknast med.

I Gutar 16 er det nokre fleire, nemleg 13 deltakarar. Vårt lokale håp her er Stian Norheim frå Gneist. Her er det fire sterke namn på førehand: Markus Harbo (Skjalg), Jonas Gjesdal (Varegg), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Gustav Iden (Norna-Salhus). Stian Norheim er rangert som nr. 9 på førehand, tett bak mellompulja i feltet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar