torsdag 12. april 2012

Småstemne-start

Medan me ventar på terrengløp i Strandebarm til helga og stafett-sesong i halvannan veke, så kan me også registrera at småstemne-sesongen er i gang frå neste torsdag.

"Småstemna" er samlenemninga på karusellar, rulettar og seriestemne. Kjært barn har mange namn, men dei er først og fremst småstemne, der det blir plukka poeng til seriar og der utøvarar får god konkurransetrening fram mot større stemne.

Starten her lokalt skjer, så vidt eg har registrert, på Knarvik Stadion neste torsdag, 19. april. Dei yngste (opp til og med 14 år) kan der springa 60 meter og 200 meter, i tillegg til at dei kan hoppa lengde og kasta slegge og kule. Dei frå 15 år og oppover har tilbod om 100 meter, 200 meter, 1500 meter, lengde, slegge og kule.

Litt meir varsam start når det gjeld øvingar er ein utandørs på Leikvang, der Hovding arrangerer første "Hovdingrulett" mandag 23. april. Her kan ein springa 40 meter, 60 meter, 100 meter, 200 meter og 600 meter. I tillegg står lengde og kule på programmet.

Og etter kvart kjem ein også i gang på Osterøy, Askøy, Arna og på Fana Stadion (Norna-Salhus).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar