onsdag 8. juli 2015

Ukvemsord - og hyllest

Det har slege meg – igjen og igjen – kor mykje skit og padda, eder og galle som finst i friidrettsmiljøet – i friidrettsandedammen. Så godt som alt som går føre seg, er basert på dugnad. Evna til å sjå den innsatsen som ligg bak små og store stemne, små og store utøvarar, er hos slåande mange så godt som fråverande. Evna til å setja pris på denne innsatsen er følgjeleg heller ikkje til stades.

Evna til å spytta ut sure oppstøt og til å skriva tvers gjennom vondsinna innlegg på gjestebøker og andre sosiale medium er tilsvarande stor.

Friidrettsmiljøet er eit bortskjemt miljø – med mange medlemmer som klarer seg meir enn rimeleg godt i samfunnet elles. Kvifor det er nett i slike miljø at ukvemsorda sit lausast, er meg ei gåte.

Det er alt for mykje respektløyse for utøvarar, trenarar og leiarar.

Ein tar alt for lite omsyn til at dei fleste utøvarar er svært unge og at svært mange leiarar arbeider utan godtgjersle.

For å bruka ungdommane si språkdrakt: Av ein eller annan sjuk grunn haglar det innimellom ukvemsord over dei som står bak all denne fantastiske innsatsen. Det er heldigvis andre, oppegåande. Ein av dei har kalla slike haldningar – heilt rett – for uverdig.



Dette er ein hyllest til alle dei som stemne etter stemne, år etter år, stiller opp – heilt vederlagsfritt – for at det skal eksistera eit tilbod til dei som vil hoppa, kasta eller springa. Her lokalt. Stemne som går jamleg, slik innimellom alle dei store, svære.

For me kan ikkje berre ha dei store, svære stemna. Idretten overlever ikkje då. Me er hundre prosent avhengig av seriestemna og karusellane.

Personleg har eg eit veldig godt forhold til Osterøy Stadion, på Hatland, ved Lonevåg. Der har det vore arrangert kretsmesterskap og kretsleikar (NCC, Peab og no Bendit), men først og fremst blir det jamleg skipa til serie med karusell-stemne. Det ligg ein fantastisk entusiasme og dugnadsinnsats bakom.

Men tilbodet finst i Arna – på det framleis nye og flotte stadionet der – på Askøy, på Knarvik og Skansemyren.

Og hadde det ikkje vore for våre vener i Norna-Salhus, så ville stemne-tilbodet på den vestlandske houdarenaen, Fana Stadion, ikkje vore all verda – på den tida når utøvarane er i form og kan og vil prestera som best.

All ære!

(PS!: Gratulerer med 20-årsdagen til Anders! - og god tur til karusellstemne på Osterøy den 13.!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar