mandag 27. juli 2015

Rekordstatus - J15

Me får venta litt med å studera startlistene til NM i Haugesund. Dei har fått det travelt med å behandla dispensasjonssøknader og skriva om listene der nede, etter 800 meter-bragden på Fana Stadion søndag, der mellom andre Anders Bjørndal kvalifiserte seg til NM, 19 år etter at mamma Kjersti hadde si siste NM-deltaking (100 meter hekk, Kristiansand stadion - nr. 7, trur eg).

**

Så, i staden: her er litt rekordstatus for jenter 15.

I dei eldste klassane er det ikkje kvardagskost med rekordar - i alle fall ikkje norske aldersrekordar. Super-talentet Malin Edland frå Larvik sette ny 600-rekord i fjor, med 1:31,41, i tillegg til at det blei kasta langt med det etter måten nye 500 gram-spydet. Det er vel dei ferskaste.

I denne klassen - i motsetnad til nyss presenterte G14 - har Gneist ingen norske aldersrekordar, men Hordaland har då nokre:

- Isabelle Pedersen, Norna-Salhus (300m hekk)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (kule)
- Beatrice N. Llano, Laksevåg (slegge, 3kg + 4kg)



kretsnivået har derimot Gneist ei handfull rekordar:
- Kathrin Sandvik (60m, manuelt)
- Vilde Lund Bjørnsen (300m)
- Beate Sejrup (1500m)
- Ingvild Myking, Bjarg (2000m)
- Ingvild Myking, Bjarg (3000m)
- Ingrid Næss Johansen (5000m)
- Anna Serine Røssland (2000m hinder)

** Nyss VM-klare Isabelle Pedersen har ikkje kretsaldersrekorden på 100 meter hekk i J15 (Anne-Beth Espetvedt), men ho har den altså på 300m hekk, 80m hekk og i høgde (saman med Espetvedt).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar