fredag 31. juli 2015

Rekordstatus - G16

Marius Benserud sprang i 2005 på 39,54 på 300 meter hekk (91,4cm). Det har ingen andre norske 16-åringar gjort raskare, sjøl om det er 84cm dei stort sett har sprunge på seinare. Men han er slett ikkje åleine frå Hordaland med norsk rekord som 16-åring.

Her er aldersrekord-innehavarar frå Hordaland i G16:
- Emil André Erstad, AKS-77 (600 meter)
- Kjetil Hodnekvam, AKS-77 (800 meter)
- Geir Søgnebotten, Laksevåg (1000 meter)
- Ragnar Bergheim, Norna-Salhus (200m hekk)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (200m hekk - manuelt)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (300m hekk, 76,2)
- Markus Loftås, Osterøy (300m hekk, 84)
- Marius Benserud, Gneist (300m hekk, 91)
- Markus Loftås, Osterøy (400m hekk)
- Eirik Greibrokk Dolve, Fri (stav)
- Rune Fantoft, Gular (tresteg)
- Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus (diskos, 1,75)
- Jørgen Olsen Austnes, Fri (slegge, 5)



Det finst også ei handfull andre frå Gneist - utanom nemnde Marius Benserud - som har kretsaldersrekord i G16:
- Rodgeir Vigestad, 1500 meter
- Terje Sejrup, 5000 meter (*)
- Kjetil Espetvedt, 100m hekk
- Sondre Rinde, 110m hekk (100, elektronisk)
- Tommy Damm, 110m hekk (100, manuelt)
- Marius Benserud, 300m hekk (91)

(*) Terje Sejrup si 5000-tid er den klart raskaste for 16-åringar i kretsen (15:11,9), men den blei sett på eit tidspunkt då 5000 ikkje var (lovleg) distanse for 16-åringar. Raskaste tid i "lovleg" periode har Harald Kårbø frå Stord (15:50,26).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar